Tre nye digitaliseringstiltak får medfinansiering i 2021

Tre tiltak får til saman vel 19,5 millionar kroner frå Medfinansieringsordninga. Desse tre er ein plattform for deling og gjenbruk av strukturerte kravspesifikasjonar til bruk i anskaffingar, eit digitalt portalsystem knytt til rettigheiter og privilegium for utanlandsk personell og eit felles oversyn over tenester og hendingar til støtte i utvikling av nye digitale tenester.

Desse tre prosjekta får støtte

Kort om dei tre prosjekta som no får støtte

  • Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) sitt prosjekt "Kravbank" skal utvikle ein plattform for deling og gjenbruk av strukturerte kravspesifikasjonar til bruk i anskaffingar. DFØ sine statlege kundar vil kunne nytte seg av løysinga. I framtida ser DFØ for seg at løysinga kan brukast i alle konkurransar der det blir kjøpt varer og tenester der krava ikkje skil seg frå ein oppdragsgivar til ein annan. Dette vil spare verksemdene for tidkrevjande arbeid.

  • Utanriksdepartementet sitt prosjekt "DipReg" skal utvikle eit digitalt portalsystem som skal erstatte manuelle og papirbaserte prosessar knytt til rettigheiter og privilegium for utanlandsk personell som følge av forpliktingar om diplomatisk og konsulært samkvem​. Det vil effektivisere arbeidet og auke sikkerheita i desse prosessane. På sikt skal løysinga integrerast mot aktuelle system i andre statlege verksemder som Politiet, Skatteetaten og Statens vegvesen. "DipReg" erstattar tungvinte manuelle prosessar og aukar sikkerheita i dagens system.

  • Digitaliseringsdirektoratet sitt prosjekt "Teneste- og hendelseskatalog" er ei fellesløysing som skal integrerast i ei eksisterande fellesløysing; Felles datakatalog. Det er behov for eit felles oversyn over tenester og hendingar, og ved å kople dette til Felles datakatalog (data.norge.no), får vi ein felles plattform for deling av tenester og data.​ Det vil vere til støtte for utvikling av tenester, tenestekjeder/samanhengande tenester og bidra til raskare realisering av nye tenester. Dette vil kome verksemder som skal utvikle digitale tenester til gode, og i neste omgang kome innbyggjarane og næringslivet til gode, i form av nye digitale tenester.

Dette er medfinansieringsordninga

Medfinansieringsordninga gir statlege verksemder støtte til å gjennomføre digitaliseringsprosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Kommunar/fylkeskommunar, friviljuge organisasjonar og private verksemder kan vere samarbeidspartar.

Medfinansiering er med på å gjennomføre digitaliseringsstrategien

Medfinansieringsordninga skal medverke til å realisere Regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi: Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019-2025.

Potten til medfinansiering blir delt på to kategoriar tiltak. Den eine kategorien omfattar strategisk prioriterte fellesløysingar (infrastruktur, plattformar mm.) og tverrgåande tiltak (samanhengande tenester). Den andre kategorien omfattar mindre til mellomstore prosjekt, ofte innan ei verksemd eller ein sektor.

190,6 mill. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2022

Du kan no søke om støtte til tiltak innan 21. mars 2022. Digdir skal i 2022 dele ut heile 190,6 mill. kroner til både små og store digitaliseringstiltak.

Kontakt

Elin Oksavik

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Telefon
+47 902 24 846