190,6 mill. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2022

Medfinansieringsordninga har sidan 2016 vore ei utløysande faktor for ei rekkje gode digitaliseringstiltak i offentleg forvaltning. Du kan no søke om støtte til tiltak innan 21. mars 2022. Digdir skal i 2022 dele ut heile 190,6 mill. kroner til både små og store digitaliseringstiltak.

Sjå søknadsmal og få meir informasjon

Ordninga skal gi betre tenester og reelle gevinstar

Digdir forvaltar medfinansieringsordninga for delfinansiering av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Ordninga skal bidra til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi fram mot 2025. Tiltaka som får støtte skal gi betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.

Statleg verksemd kan søkje om støtte innafor to kategoriar

Det må vere ei statleg verksemd som står som søkjar om medfinansiering, men andre statlege verksemder, kommunar, næringsliv mfl. kan vere samarbeidspartar.

Det kan søkes om støtte til tiltak innanfor følgande kategoriar:

  1. Små og mellomstore digitaliseringstiltak, med prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kroner. Tiltaka kan få dekka opptil 50 % av total prosjektkostnad, men maksimalt 15 mill. kroner.

  1. Tiltak som understøtter målet om samanhengande tenester i digitaliseringsstrategien og har prosjektkostnad opptil 100 mill. kroner. Her er det to grupper aktuelle tiltak, som kan få dekka opptil 85% av prosjektkostnaden:

  • strategiske prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.)

  • tverrgåande tiltak (samanhengande tenester). Tiltak som gjeld dei sju prioriterte livshendingane i digitaliseringsstrategien blir prioriterte.

Tiltaka må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame

Tiltaka må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame, og dei må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan som syner gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder. Gevinstrealiseringsplanane skal gjere greie for tiltak for å ta ut gevinstane og korleis resultata skal målast.

Verksemder som får medfinansiering får behalde 50 % av eigne netto gevinstar, dei øvrige 50 % skal takast ut som reduksjon i budsjettet. Dersom andre statlege verksemder får netto gevinstar over 5 mill. kroner i tiltaket si levetid, skal 50 % av dette takast ut som reduksjon i deira budsjett.

I forslag til statsbudsjett for 2022 er det føreslått 190,6 mill. kroner til medfinansieringsordninga. Stortinget behandlar statsbudsjettet i desember. Vi tek atterhald om at totalbeløpet ikkje blir endra.

Sjå døme på tiltak som har fått medfinansiering tidlegare år

Det blir arrangert ei digital rettleiingssamling for søkjarar i januar. Meld deg på nyheitsbrevet for å motta informasjon om påmelding.

Meld deg på nyheitsbrevet

Ta gjerne kontakt!

Kontakt

Elin Oksavik

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Telefon
+47 902 24 846