Hopp til hovudinnhald

Slik jobbar designarane i Stimulab

Designarane som har bidrege i Stimulab-prosjekt, deler dei viktigaste erfaringane sine i 7 ulike filmar. Dette er deira historie. Filmane er laga for deg som skal i gang med eit Stimulab-prosjekt, jobbar med innovasjon i offentleg sektor og for leverandørar som vil engasjere seg i å skape betre tenester for innbyggjarane i Noreg.

    I dei fem åra som har gått, har Stimulab vore ein verktøykasse i utvikling, med stadig aukande ambisjonsnivå for dei meir enn 20 verksemdene som har gjennomført prosjekt, for Digdir og DOGA som administratorar av ordninga, og ikkje minst designmiljøa som har bidrege. I filmane under har designmiljøa gått saman for å dele erfaringane sine, med konkrete døme frå Stimulab-prosjekt i åra som har gått.

    Korleis jobbe meir brukarretta i offentleg sektor?

    Det blir stilt aukande krav om brukarorientering i utvikling av dei offentlege tenestene, og digitalisering styrkjer desse krava. Når vi som innbyggjarar i aukande grad sjølvbetener oss og våre næraste må tenestene vere enklare å bruke - for alle.

    Samtidig gjev fokuset på brukarane og behova deira store moglegheiter til å tenkje nytt. Det handlar om å flytte fokuset frå saksbehandling til å forstå korleis ein skaper størst mogleg verdi for pengane, og i livet til kvar enkelt brukar.

    Men kvar studerer ein brukarorientering? Kva for erfaringar og ferdigheiter må ein ha for å gjere dette på ein god måte? I dei tre filmane under vil de lære meir om å sjå utfordringa gjennom brukarane sine auge, og snakke med brukarane, og å skape saman med brukarane.

    Om å sjå utfordringa gjennom brukarane sine auge

    I denne filmen fortel John Holager frå PwC og Adrian Paulsen frå Halogen kvifor det er så viktig å sjå utfordringa gjennom brukarane sine auge når ein jobbar med utvikling av offentlege tenester. Dei viser korleis dette gjev eit heilt kritisk perspektiv, nemleg forståinga for kva tenesta er og korleis ho blir opplevd av menneska som nyttar henne. Ein annan verdi, som i samanheng med nyskaping og innovasjon er enorm, er ny forståing og kunnskap som igjen dannar grunnlaget for nye løysingar.

    Som eit viktig tillegg til forståing av opplevinga og nye perspektiv, så gjev også øvinga av å sjå gjennom brukarane ein eigen verdi for alle involverte. Nemleg å få eit høve til å møte, vurdere og oppdatere eigne oppfatningar om korleis andre opplever noko. Kunnskap som kan brukast til å lage tenester som verkeleg treffer og dermed blir gode investeringar.

    Om faktisk å snakke med brukarane, og setje behova deira først

    Kaja Kistorp frå Designit og Jan Bjørkelo frå Comte forklarer i denne filmen kvifor det er så viktig å snakke med brukarane og setje behova deira først, og korleis ein kan gå fram.

    For at det offentlege tenestetilbodet skal vere både effektivt og nyttig, må brukaren spele ei rolle i tenesteutforminga. Det er i dag brei semje om at verksemdene bør arbeide brukarretta for å kunne vareta dei ulike behova på ein føremålstenleg måte. Det kan likevel vere vanskeleg å gå frå gode intensjonar om «å lytte til brukarane» til faktisk å gjere det. Tenestedesign er ein måte å kome i gang med verktøya og metodikken til å involvere brukarar på ein verdifull og systematisk måte. For å få til dette må ein bruke riktige verktøy, øve på praktisk bruk og integrere dei i eksisterande strukturar og prosessar. Først då kan ein oppnå ein ny måte å arbeide meir brukarretta på.

    Om å finne gode løysingar og skape saman med brukarane

    I denne filmen deler Anders Valdersnes frå PwC og Adrian Paulsen frå Halogen erfaringar og råd for korleis vi lykkast med samskaping.

    Utfordringane i offentleg sektor framover er mange og ofte komplekse. For å finne gode løysingar må vi bli endå betre på å jobbe saman. Det krev at vi er gode på å jobbe saman på tvers av organisasjonar og avdelingar. Det krev også nye ferdigheiter og ny åtferd hos leiarar og medarbeidarar.

    Samskaping vil seie at innbyggjarar, medarbeidarar og samarbeidspartnarar kjem fram til løysinga saman. Skal vi lage skikkeleg gode og berekraftige tenester, må vi evne å involvere kvarandre i utviklinga. Det gjev rett og slett betre idear, for ein veit aldri kven som har den ideen som verkeleg sit.

    Korleis drive brukarorientert innovasjon i offentleg sektor

    Det skal mot og vilje til for å drive gjennom innovasjon i det offentlege. Vellykka resultat blir ikkje nødvendigvis målte i pengar, og rammene for nytenking inkluderer lover og reglar og verksemder og roller som blir styrte av motseiande mål. Samtidig påverkar ein som oftast mange menneske - brukarar, tilsette og andre som blir påverka av avgjerder - som skal ha ei stemme i ein demokratisk prosess.

    Stimulab-prosjekta utforskar korleis dette kan gjerast i praksis, og lærdomane vi har gjort viser korleis norsk offentleg sektor byggjer erfaringar med brukarorientert innovasjon som er i verdsklasse. Gjennom dei følgjande fire filmane får de innsikt i arbeid med samansette problemstillingar og behovet for tverrfaglegheit, korleis gå frå leveranse til implementering, kva ein gjer i møte med målkonfliktar når mange aktørar skal jobbe saman på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, og krafta i visualiseringa.

    Korleis jobbe med samansette problemstillingar

    I denne filmen gjev Astrid Vierdal frå PwC og Lena Sendstad frå EGGS råd om korleis ein jobbar med samansette problemstillingar.

    Designfaget kan hjelpe med å sortere i komplekse problemstillingar, men bør ikkje nødvendigvis stå åleine. Vi må tilpasse oss både andre faglegheiter og metodar, for at prosessen skal vere brukande til dei spesifikke problema ein forsøker å løyse. Med tverrfaglege team er vi betre rusta til å setje oss inn i og å skape løysingar i komplekse problemstillingar. Det gjev store fordelar, samtidig som det også krev ein del å setje saman fag og metodar som er såpass ulike. Stimulab-prosessane oppfordrar særskilt til tverrfaglegheit for å bidra til å utvikle leverandørmarknaden og designfaget.

    Frå å levere løysing til å ta ansvar for implementering

    Heidi Dolven frå Halogen og Camilla Monrad-Kohn frå Designit i samtale om overgangen frå å levere løysing til å ta ansvar for implementering, og kva som skal til for å lykkast.

    Implementering av nye løysingar eller tenester i offentleg sektor er ikkje gjort i ei handvending. Skal ein utvikle ei teneste på tvers av sektorar, krev det ofte endringar i organisering, system, og i nokre tilfelle også regelverk og finansiering. Skal vi lykkast med implementering etter prosjektslutt, må dei nødvendige endringane avklarast og setjast i gang undervegs i prosjektet. Dette set nye krav til det å leie og styre prosjekt, og å leie og styre nødvendige endringar i linjeorganisasjonen.

    Kva gjer ein når ein ikkje er samde? Målkonfliktar og usemje om dei store linjene

    Øyvind Grønlie frå Comte og Heidi Dolven frå Halogen drøftar spørsmålet «Kva gjer ein når ein ikkje er samde?» og korleis ein går fram for å finne løysingar til det beste for innbyggjarane, når det er målkonfliktar på eit meir overordna nivå.

    Å styre og leie innovasjonsarbeid i fellesskap på tvers av verksemder er krevjande når prosjektet ikkje har reell felles avgjerdsmyndigheit. Prosjektgruppa og styringsgruppa må utvikle eit fellesskap og ein kultur for å løyse ting saman, men samtidig i tråd med overordna mål frå eigen sektor. Det er behov for å utvikle modellar for samstyring, som gjev tryggleik til å utforske og avgjere tverrsektorielle løysingar innanfor organiseringa i dag.

    Krafta i visualiseringa

    I denne filmen viser Anders Valdersnes frå PwC og Adrian Paulsen frå Halogen kvifor visualisering er eit sterkt og viktig verkemiddel i alle prosessar der menneske skal samarbeide.

    Bruk av visualisering har spelt ei sentral rolle i alle Stimulab-prosjekta. For i prosessar - spesielt der store tankar, samansette tema og innovasjonsmandat blir kombinerte, kan visualisering vere ein viktig bidragsytar. Det kan gje prosjektgrupper ein viktig dult i ein fastlåst situasjon.

    Kontakt

    Sigrid Grønland Hoel

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 94833202