Hopp til hovudinnhald

Arbeids- og velferdsdirektoratet har saman med lokale NAV-kontor jobba med korleis dei kan lage betre og meir heilskaplege tenester i dei nye, samanslegne NAV-kontora som blir etablerte i samband med kommunereforma.

Verksemder: Nav – Arbeids-og velferdsdirektoratet, saman med Nav Lillestrøm og Lillestrøm kommune

Leverandør: Halogen og Rambøll

Stimulab-prosjektet er gjennomført i partnarskap mellom NAV og Halogen og Rambøll. Prosjekteigar har vore Arbeids- og tenesteavdelinga i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Andre involverte har vore ressursar frå HR-avdelinga, IT-avdelinga og Kompetanseprosjektet i NAV, og fem pilotkontor; NAV Grünerløkka, NAV Klepp-Time, NAV Balsfjord-Storfjord, NAV Lillestrøm og NAV Hareid-Ulstein-Sande.

Behovet som skal dekkjast

Korleis kan NAV skape ein menneskeorientert utviklings- og endringskultur som set menneske sine behov i sentrum?

Om prosjektet

Prosjektet pågjekk frå desember 2019 til februar 2021. Prosjektet har utforska korleis tilsette i lokale NAV-kontor, saman med fagressursar sentralt, kan gjerast i stand til å innovere NAV sine tenester med ei menneskeorientert tilnærming.

Essensen i utforskinga har handla om kompetansebygging innanfor tenestedesign og gevinstmetodikk, og å skape felles forståing for kva NAV gjer når dei lykkast og korleis ulike delar av NAV-systemet påverkar kvarandre. Utforskingsprosessen har skjedd på tvers av forvaltningsnivå i NAV; lokale NAV-kontor, fylkesnivå og ulike delar av direktoratsnivå, og nettopp det har vore eit viktig element. I sentrum for arbeidet, på tvers av nivå, fag og metodar, står ei menneskeorientert tilnærming som gjev plass til ulike stemmer i tenesteinnovasjonen frå både sluttbrukarar, samarbeidspartnarar, og kollegaer elles i NAV-kontora lokalt og i direktoratet. Menneskeorienteringa har resultert i verdifull innsikt om NAV - sett innanfrå og - kanskje aller viktigast - utanfrå.

Innovasjonsarbeidet har pågått gjennom innovasjonsplattforma. Med plattform meiner vi i denne samanhengen ein struktur som legg til rette for kompetanseutvikling, erfaringsdeling og læring, som ein katalysator for å skape medarbeidardrivne innovasjonsprosessar og endringar i NAV. Arbeidet med innovasjonsplattforma er i stor grad samskapt mellom nøkkelressursar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og prosjektteamet frå Halogen og Rambøll.

NAV Lillestrøm vart valt ut som spydspisskontor og er samarbeidspart. Prosjektet involverte også NAV-kontora Balsfjord og Storfjord; Sande, Ulstein og Hareid; Klepp og Time; og Grünerløkka.

Resultat

Som ein del av oppdraget har Rambøll og Halogen gjennomført ei følgjeevaluering. Det inneber at erfaringar og læring frå denne måten å jobbe med utvikling i kontora på – både strukturelt og prosessuelt har vorte kartlagde og dokumenterte. Føremålet med evalueringa var å etablere et kunnskapsgrunnlag som oppsummerer korleis plattforma har vorte organisert og gjennomført, korleis dei ulike deltakarane i NAV har opplevd plattforma, og refleksjonar rundt korleis plattforma kan vidareutviklast og vidareførast.

Deltakarane har fått auka kompetansen sin innanfor tenestedesign og andre metodar, og vortne gjort i stand til å jobbe på nye måtar med tenesteutvikling. Dei har også fått ei felles behovsforståing for menneska som tek mot tenester frå NAV. Sist, men ikkje minst, har deltakarane fått auka forståing for verdien som ligg i erfaringsdeling og læring på tvers.

NAV har på sine nettsider publisert ei evaluering av prosjektet Evaluering av «Utsida inn» - Eit innovasjonsprosjekt med bruk av tenestedesign i form av «den triple diamant» ved fem NAV-kontor - nav.no

Vegen vidare

Dei lokale NAV-kontora vil jobbe vidare med endringsprosessane sine, og ressursar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet utforska korleis dei kan vidareføre og vidareutvikle strukturar og prosessar for medarbeidardriven innovasjon i NAV.

Ballen har alt byrja å rulle i NAV og momentum må utnyttast.

NAV har fått verdifulle erfaringar med kva eit slikt innovasjonsarbeid kan føre til av konkrete resultat og eit bilete av kva for ringverknader eller gevinstar det kan gje på sikt. For å hente ut potensialet som ligg i innovasjonsarbeidet, har Halogen og Rambøll peikt på nokre tilrådingar til vegen vidare:

  • Dedikert kompetanse og kapasitet
  • Utvide målgruppa for kompetansebygginga
  • Leggje til rette for økosystem-tenking
  • Tilgjengeleggjere læring
  • Systematisk oppfølging av gevinstpotensialet