Hopp til hovudinnhald

Økonomiske utfordringar er eit omfattande og smertefullt problem. Prosjektet har skissert ei digital teneste som gjev brukarane komplett oversikt over økonomien sin og som gjer ei rekkje andre tenester mogleg.

Involverte aktørar: NAV Lillestrøm, Lillestrøm kommune og Brønnøysundregistera

Leverandør: PwC

Behovet som skal dekkjast

Økonomiske problem rammar vaksne i alle aldrar og samfunnslag, med potensielt store sosiale kostnader også for barn og andre nærståande. Verkemiddelapparatet med manuelle verktøy og prosessar samsvarer ikkje med forventningane til effektive digitale tenester, og terskelen for å søkje om hjelp er høg. Ventetida er i tillegg ofte lang, og krava til eigeninnsats er mange gonger uoverkomelege for brukarane. I tillegg er sjølve saksbehandlingstida uforsvarleg lang, med den følgja at mange brukarar «fell frå» før dei har fått hjelp og oversikt. Enklare tilgang til økonomisk informasjon kan bidra til at fleire unngår økonomisk uføre.

Om prosjektet

Føremålet med prosjektet var å utforske korleis økonomisk informasjon om ein person kan gjerast tilgjengeleg på ein samla og sikker måte. Prosjektet har dreidd seg om å utforske korleis ei løysing basert på slik informasjon, kunne førebyggje før ein får økonomiske problem, gjere det enklare og raskare å få hjelp under sjølve gjeldsrådgjevinga, og hjelpe familiar og innbyggjarar etter at ein har fått bistand.

Gjeldsfloka har workshop
PwC

Resultat

Prosjektet utvikla eit konsept som vil svare på innbyggjarane sine behov og løyse utfordringar med dagens situasjon. Gjennom prosjektet har arbeidsgruppa evaluert ei rekkje idéar som anten kan bidra til førebygging av økonomiske problem i Noreg, ei betre gjeldsrådgjevingsteneste hos NAV, eller betre oppfølging av dei som alt har fått rådgjeving. Basert på dette arbeidet vart det vedteke å utarbeide eit konsept for ei digital teneste som samanstiller ei delbar oversikt over brukaren sin privatøkonomi.

Konseptet består av eit system som hentar inn, prosesserer og samanstiller data om brukaren sin økonomi. Vidare gjev tenesta iBalanse ein visuell presentasjon av dette, noko som sikrar brukaren ei komplett oversikt over eigen økonomi. Oversikta vil kunne delast med gjeldsrådgjevarar eller andre ressurspersonar, og vil sikre at ein får rask hjelp når ein treng det.

Tenesta vil også kunne brukast av innehavarar av enkeltpersonføretak til å ha kontroll over økonomien i føretaket og å sikre tilstrekkeleg avsetningar for skatt og MVA. Konseptet legg opp til at dei innhenta og prosesserte dataa skal kunne brukast av andre tenester gjeve samtykke frå brukaren. Tenesta vil truleg også ha ein førebyggjande effekt ved at innbyggjarar enkelt kan få oversikt over eigen økonomisk situasjon, også før ein har fått alvorlege problem.

Gevinstar

Ei teknologisk løysing som samlar og gjer innbyggjaren sin økonomiske informasjon tilgjengeleg, har truleg store gevinstar. Konseptet inneber å gjere tilgjengeleg ei komplett oversikt over økonomien i enkeltpersonføretak.

Potensielle bruksområde:

  • gjeldsrådgjeving
  • økonomistyring i enkeltpersonføretak
  • «oppgjer etter dødsfall»
  • verjemål
  • gjeldsordning hos namsmannen
  • privatpersonar som ønskjer oversikt
  • økonomiplanlegging ved skilsmisse
  • datahausting til forsking og policy-making
  • oppfølging av barnebidrag
  • kontinuerleg oppdaterte skatteberekningar
  • saksbehandling av behovsprøvde ytingar
  • betre kredittvurderingar
  • med meir

Vegen vidare

Vidareføring av prosjekta Klopp og Gjeldsfloka resulterte i prosjektet «Forenkla innsamling og formidling av økonomisk informasjon for enkeltpersonføretak» som i 2021 fekk støtte frå Medfinansieringsordninga.