Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Informasjonsforvaltning
  • Datadeling
Tid:
onsdag 27. mai kl. 09:00 – 10:00, 2026
Sted:
Digitalt møte
Påmeldingsfrist:
onsdag 27. mai kl. 09:00

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I dette møtet, onsdag 27. mai, har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Nordre Follo si reise med Altinn Studio»
Våren 2025 valde Nordre Follo å erstatte den eksisterande skjemaløysinga med digitale tenester i Altinn Studio. Hovudmotivasjonen var tru på bruk av fellesløysingar, gode brukaropplevingar og ambisjonar om noko meir enn å setje straum på papir. Valet er ein del av kommunen si satsing på KI og bruk av data, og i dette innlegget fortel dei om bakgrunnen for valet, prosessen med å migrere løysingar, og kva dei ser som moglegheiter vidare.

Presentert av Linda Byström, verksemdsarkitekt Nordre Follo kommune

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

27.05.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09