Hopp til hovudinnhald

Teiknsett gjeld alle typar IT-løysingar i offentlege verksemder og teiknsett ved utveksling av informasjon mellom offentlege verksemder og med innbyggarar og næringsliv.

Eit teiknsett består av ei avgrensa mengd teikn og teikna vert representerte med verdiar. Det same teiknet kan representerast med forskjellige verdiar i forskjellige teiknsett.

Kravet til utveksling gjeld uavhengig av utvekslingsmåte, som til dømes webskjema, e-post og filoverføring. Det gjeld både der menneske er involverte og der det er rein maskin-til-maskin utveksling.

Ein obligatorisk standard skal følgast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift.

Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har ein god grunn til å la vere.

Teiknsett i interne løysingar

Det er obligatorisk for alle offentlege verksemder som skal gjere større omleggingar å implementere full støtte for standarden ISO/IEC 10646. Dette gjeld gjennom nyetablering eller vidareutvikling av fagsystem og alle typar IT-løysingar.

Jf. forskrift om IT-standardar i offentleg forvalting § 9

Teiknsett ved utveksling av informasjon

Det er obligatorisk å nytte teiknsettstandarden ISO/IEC 10646 representert ved UTF-8 ved all utveksling av informasjon mellom offentlege verksemder og med innbyggarar og næringsliv.

Inntil vidare vert ei avgrensa støtte av teikn akseptert. Teikna som skal støttast er dei som finnes i ISO 8859-1 supplert med ytterlegare 6 nordsamiske teikn i store og små representasjonar (Č, č, Đ, đ, Ŋ, ŋ, Š, š, Ŧ, ŧ, Ž, ž ). Krava gjeld eit avgrensa teiknsett ved utveksling av informasjon. Det er ei overgangsordning, som avventar ei heilskapleg innføring av ISO/IEC 10646, for å støtte alle teikn det er behov for å representere i offentlege verksemder og utveksling mellom dei.

Unntaksordning: Er det ei særleg forholdsmessig byrde å oppfylle det obligatoriske kravet til bruk av standardar ved utveksling, kan forvaltingsorganet unnlate heilt eller delvis å oppfylle kravet. Forvaltingsorganet skal straks melde frå til Digitaliseringsdirektoratet om dette og grunngje kvifor det unnlet å oppfylle kravet.

Jf. forskrift om IT-standardar i offentleg forvalting § 8 andre ledd.

Heimel

Forskrift om IT-standardar i offentleg sektor – sjå lenkeliste under.

Kravet er gjeldande, og vart innført 25.06.2009 for statleg sektor og 23.09.2011 for kommunal sektor. Det vart gitt ei overgangsordning, der statleg sektor skulle tilfredsstille kravet innan 1. januar 2012 og kommunar skulle tilfredsstille kravet innan 1. januar 2013.

Det går fram av grunnlova § 108, og av samelova at forvaltinga skal støtte samisk språk og kulturarv. Vidare er det lovkrav om å støtte samisk språk og kulturarv i stadnamnlova §§ 1, 4, 9.

I prop. 164 L (folkeregisterloven) punkt 9.5.2 går det fram at det skal leggast til rette for å handtere samiske teikn i eit modernisert folkeregister, og registeret skal følge dei til ei kvar tid gjeldande krav for offentlege verksemder sin bruk av teiknsett i IT-løysingar.