Digdir inviterer leverandørar og partnarar til eit uformelt drop-in-møte om integrasjonar og API-ar mot offentlege fellesløysingar. Her får de korte statusoppdateringar frå produktteama og servicedesk, innblikk i planar og endringar – og høve til å dele erfaringar og gje innspel direkte til fagmiljøa våre.
Velkommen til uformell dialogarena, eit tiltak for bedre leverandørdialog.
Drop-in leverandørmøte,torsdag 19. november kl 13 - 13.55.
Agenda vert oppdatert 9. november.
Fast struktur:
- slik held du deg oppdatert
- aktuelle prosjekt og status frå produktteam, servicedesk
- innmelde saker frå leverandørane
- eventuelt
Frist for å melde inn saker til møtet er 2. november, dette for å sikre at vi stiller med relevante ressursar i møte.
Møtet er tilgjengeleg for alle. Du får ei påminning når agenda er oppdatert.
Ynskjer du ikkje å motta slik invitasjon, meld tilbake til underteikna.
Tips gjerne andre som kan dra nytte av arenaen.
Praktisk informasjon:
Møtet er ein uformell, lågterskel dialogarena der de får korte statusoppdateringar frå produktteam og servicedesk, innsikt i planar og endringar, og høve til å dele erfaringar og spele inn behov direkte til Digdir sine fagmiljø. Det er eit supplement til samarbeid.digdir.no og andre kanalar.
- Tidspunkt: tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55, om lag éin gong i månaden
- Målgruppe: tekniske og funksjonelle ressursar hos leverandørar/partnarar som jobbar med integrasjonar og API-ar mot offentlege fellesløysingar – sjå agenda for relevans per møte
- Ope møte – kalenderinvitasjon kan bestillast
- Vi opererer med fast struktur:
- Slik held du deg oppdatert
- Aktuelle prosjekt og status frå produktteam og servicedesk
- Innmelde saker frå leverandørmarknad
- Eventuelt