Digdir inviterer leverandørar og partnarar til eit uformelt drop-in-møte om integrasjonar og API-ar mot offentlege fellesløysingar. Her får de korte statusoppdateringar frå produktteama og servicedesk, innblikk i planar og endringar – og høve til å dele erfaringar og gje innspel direkte til fagmiljøa våre.
Agenda 24. september 2026
Meldingsutveksling med fastlegar – eFormidling
Status v/ Daniel Fylling
eFormidling erstattast med Peppol eGovernment
Arbeidet er i gang, og vi ber om innspel v/ Daniel Fylling
Digdir Labs – kva er det?
Kva er visjonen vår? Korleis ta det i bruk? Kva får de tilgang til no? Vi har nokre pilotleverandørar, og opnar for fleire v/Mette Mannsåker og Nina Kylstad
Praktisk informasjon:
Møtet er ein uformell, lågterskel dialogarena der de får korte statusoppdateringar frå produktteam og servicedesk, innsikt i planar og endringar, og høve til å dele erfaringar og spele inn behov direkte til Digdir sine fagmiljø. Det er eit supplement til samarbeid.digdir.no og andre kanalar.
- Tidspunkt: tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55, om lag éin gong i månaden
- Målgruppe: tekniske og funksjonelle ressursar hos leverandørar/partnarar som jobbar med integrasjonar og API-ar mot offentlege fellesløysingar – sjå agenda for relevans per møte
- Ope møte – kalenderinvitasjon kan bestillast
- Vi opererer med fast struktur:
- Slik held du deg oppdatert
- Aktuelle prosjekt og status frå produktteam og servicedesk
- Innmelde saker frå leverandørmarknad
- Eventuelt