Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Digitaliseringsrådet
Tid:
Onsdag 6. november kl. 08:30 – 10:30, 2024
Stad:
Digitalt/Nationaltheatret Konferansesenter, Oslo

Digitaliseringsrådet presenterer erfaringsrapporten sin for 2024. Opptak frå arrangementet vil bli teksta.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 6. november 2024:

Program
Erfaringsrapporten 2024: Finne sin veg mot nye tider
Joakim Lystad

Tempoet og forventningane til bruk av ny teknologi og KI er skrudd opp. I erfaringsrapporten i år ser vi på korleis verksemdene og leiarane finn sin veg for å bli digitalt modne og tenker nytt om samskaping.

Rådsleiar Joakim Lystad presenterer rapporten.

Digital medspelar i ein kompleks sektor
Knut Sletta

Jernbanedirektoratet står foran eit løft for intern digitalisering, og rustar seg til å ta ei tydeligere rolle som medspelar for innovasjon og digitalisering i jernbane- og kollektivsektoren.

Digital modnad i eit komplekst landskap – eksempel frå eit Stimulab prosjekt
Margot Telnes

Direktør Margot Telnes i Statsforvaltarens fellestenester (STAF) fortel om korleis dei jobber med digital modnad i eit komplekst landskap. Kva krev det av STAF og av omgjevnadene? STAF var i Digitaliseringsrådet med Stimulab-prosjekt om klagebehandling av økonomisk sosialhjelp. Eit av råda de fekk var å avklare kven som skal gjere kva i innbyggjaranes digitale brukerreise. Brukerreisa går på tvers av forvaltningsnivåa i det offentlege.

Kva for ei rolle bør toppleiarar ta i den digitale transformasjonsreisa?
Kjetil Lund, Joakim Lystad

Digital transformasjon og digital modnad er omgrep toppleiarar må setje seg inn i for å finne sin veg. I denne samtalen utforskar rådsleiar Joakim Lystad og direktør Kjetil Lund i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) toppleiaren sin rolle i transformasjonsreisa. Korleis kan heile organisasjonen spele saman?

Refleksjonar frå departmentet
Christine Hamnen

Christine Hamnen snakkar om kva tankar departmentet har om rapporten.

Digitaliseringsrådet er eit uavhengig råd som gir tilrådingar til offentlege toppleiarar om digitaliseringsprosjekt og andre endringsprosessar der digitalisering er ein viktig del. Kvart år gir rådet ut ein erfaringsrapport. Dette er den niande rapporten rådet leverer.

I år vart rådet re-oppnevnt for fire nye år og fekk mellom anna ny rådsleiar og fire nye rådsmedlemmer.