Hopp til hovudinnhald
16. juni 2026
3 minutt å lese

I opningstalen på Digitaliseringskonferansen teikna Digdir-direktør Frode Danielsen rikets digitale tilstand: Noreg har eit sterkt utgangspunkt for kunstig intelligens, men fortrinna må ikkje bli ei sovepute. Han reiste tre spørsmål – om fundamentet, om truslane og om samspelet mellom offentleg og privat sektor – og minner om at tida ikkje er vår venn.

Frode Danielsen
- Dersom vi let vårt gode utgangspunkt bli ei sovepute, vil fortrinna våre forvitre fort – og makt og vår påvirkningskraft blir raskt flytta til andre som ikkje har sikring av velferdsstaten som hovedprioritet, sa Digdir-direktør Frode Danielsen i talen.
Foto: Kilian Munch

Direktør Frode Danielsens tale om rikets digitale tilstand på Digitaliseringskonferansen 16. juni 2026. Framføring kan avvike frå manus.

Kjekt å sjå alle - velkommen til Digitaliseringskonferansen! Og kanskje litt uventa: Velkommen til ein dag som òg fell sammen med Norges første kamp i fotball-VM. Ei begivenheit som samlar store deler av Noregs befolkning.

Med fartstid som fotballtrener og spelar har jg mange gonger sett kva idrett kan gjere med oss. Korleis idretten skaper fellesskap, energi og retning på tvers av forskjellar. Og kanskje er det nettopp dét som er eit godt bilde på det vi står i knytta til digitalisering og samfunnsutvikling akkurat no. I likheit med fotball og andre idrettar har også kunstig intelligens blitt ei samlende kraft som trekk verda meir saman. Mange er samla i begeistring - over moglegheitene, over potensialet. Og som i fotballen har Noreg ein moglegheit til å bli ein markant aktør om vi spelar korta våre rett, men på same måte som vi har jobba i idretten over tid, krev det at vi jobbar strategisk og strukturert med alle nivå – slik at resultata som syner på toppen ender opp i verdsklasse.

Potensialet er stort og Noreg sitt utgangspunkt samanlikna med kven som helst er framleis godt. På konferansen skal vi snakke meir om kva for grep som blir teke i ulike sektorar og hos ulike aktørar i samfunnet for å hente ut potensialet til kunstig intelligens. Og ikkje minst vi skal diskutere videre kva for grep vi saman må ta for å hente ut potensialet innafor trygge rammer.

Så er det slik at desse diskusjonane ikkje kan takast i eit vakuum – det skjer mykje rundt oss som set premiss. Uansett kva vi ønskjer i Noreg, må vi forholde oss til amerikanske tech-aktørar og krumspring frå amerikanske myndigheiter, vi må følgje med på kinesisk framvekst og ikkje minst vi må delta i og kople oss på initiativ som skjer i EU for å sikre oss tilstrekkeleg digitalt handlingsrom.

Utviklinga går stadig fortare, og som vi fekk sjå i innledninga, verda endrar seg og blir meir uroleg - og både Noreg og EU har teke inn over oss at vår sikkerheit og våre grunnleggande verdiar er under sterkt press.
Noreg med høg tillit i samfunnet, våre gode data og våre verdiar som grunnleggande ramme har eit fantastisk godt utgangspunkt.

Men – for det er eit men: Dersom vi let vårt gode utgangspunkt bli ei sovepute, vil fortrinna våre forvitre fort – og makt og vår påvirkningskraft blir raskt flytta frå norske myndigheiter og frå oss, til andre som ikkje har sikring av vår velferdsstat som hovedprioritet. Utfordringane ser vi allereie i dag – eg er trygg på at amerikanske myndigheiters grep med å stenge ute alle som ikkje er amerikanarar frå Anthropic sine kraftigaste modellar kjem til å bli diskutert mykje på denne konferansen.

Så spørsmålet er: Korleis utnyttar vi fordelane vi har - samtidig som endringstempoet legg stadig meir press på oss?

Kva skal til? Har vi ei kollektiv forståing for kva som skal til for å hente ut potensialet av kunstig intelligens?
Svaret mitt er at NEI, det har vi per i dag ikkje. Det er framleis mykje usikkerheti om korleis vi skal ta i bruk teknologien og kva som skal til. Som eksempel viser undersøkingar vi har gjort at det framleis er stor etterspørsel etter rettleiing knytt til det regulatoriske, der 72 % av offentlige virksomheiter etterspør dette.
Men om vi går meir grunnleggande til verks – forstår vi kva for krefter som faktisk er i sving ,og har vi kollektiv handlingsevne til å håndtere det? Kva skjer rundt oss mens vi ventar på å forstå dei regulatoriske rammene?

Eg ønsker å stille tre spørsmål knytt til dette som vi gjerne kan diskutere vidare her på konferansen.
Det første spørsmålet: Har vi nok fokus på fundamentet som skal til for å hente ut ønska effektar av KI? Vi snakkar mykje om at vi har data og eit godt utgangspunkt i Noreg. Det er rett – og utan gode data kjem vi ikkje langt. Men vi har også nokre kjente grunnleggande utfordringar som vi må adressere og løyse – og KI legg ytterligare press på dette. Det handlar mellom anna om fragmentert infrastruktur som samhandlar for dårleg på tvers, finansiering og forretningsmodellar som ikkje understøttar ønska dataflyt, det handlar om regelverk som stoppar oss, det handlar om teknisk gjeld og data innelåst i gamle fagsystem, og det handlar framleis om utfordringar med at for mykje blir styrt i siloar. Vi har brukt årevis på desse problemstillingane. Skal vi halde følgje med teknologiutviklinga, må vi få opp tempoet, endringsviljen og samhandlingsevnene.

For dette er premissa og grunnlaget for at vi faktisk skal få henta ut effektane av KI. Vi må fortsette å samarbeide om dette, men vi må gå frå «prateklubbar» til handling. Og vi må alle ta eit mykje tydelegare kollektivt ansvar.

Eit anna fundamentalt område er kompetanse. For å lykkast med å bruke kunstig intelligens og handtere verknadane av teknologien, treng vi betre kompetanse i heile samfunnet. Undersøkingar viser at 57 % av offentlige virksomheter etterspør rettleiing om korleis dei konkret skal ta i bruk KI. I privat sektor oppgir 7 av 10 virksomheiter at manglande kompetanse er ein barriere for bruk av KI.

Samtidig ser vi at Noreg i ifølge Eurostat er i europatoppen av innbyggarane sin bruk av KI, og spørsmålet er om vi reflekterer nok rundt kva dette faktisk betyr for sentrale område som skulegang, allmennkunnskap og korleis det påverkar ordskifte og demokratiet vårt?

Skal vi ta vare på kjerneverdiane våre og samtidig bli verdas best digitaliserte land ,har vi behov for å bygge samfunnskompetanse rundt kunstig intelligens. Vi må få inn kompetansemål knytt til KI i heile utdanningsløpet, vi må heve kompetansen i arbeidslivet og vi må fortsette å prioritere forsking.

Og skal vi lukkast så må vi faktisk ta inn over oss at vi må tenke nytt rundt styring og organisering. Vi må ha styringsmodellar basert på behovet som samfunnet har i dag og ikkje slik det var for 30 år sidan. Styringa må ta inn over seg tempoet i teknologiutviklinga og korleis dette set uønska premiss for samfunnsutviklinga om vi ikkje heng med. Dette krev ny kompetanse, høgare endringsevne og omstilling frå alle nivå, og er beslutningstakarane i samfunnet kollektivt klar for dette? Omfamnar dei moglegheitene som teknologien gir ,eller er ryggmargsrefleksen å stritte imot? Er vi villige til å sleppe makt og myndigheit for å verkeleg skape nødvendig endring? Eg let dette vera opne spørsmål.

Det andre spørsmålet eg har: Forstår vi truslane knytt til kunstig intelligens?
Som eg allereie har vore inne på, – kan vi akseptere at amerikanske myndigheiter har nøkkelen til å låse oss ute av viktig infrastruktur og tenester? Og kan vi akseptere at det er amerikanske tech-leverandørar som bestemmer om vi skal ha tilgang til kritisk system som kan oppdage og utnytte nulldagssårbarheiter på eiga hand?

Utviklinga som vi ser er urovekkande for Noreg og Europa. Det er heller ikkje betryggande at i følgje NSM er det vesentlege manglar i det førebyggande sikkerheitsarbeidet i norske virksomheiter.

Og alle som jobbar med digital infrastruktur kjenner på korleis sikkerheita blir utforda i det daglege som følge av KI, og kor mykje dette kostar oss både i pengar og kapasitet. Utfordringane i det digitale er at angriparane har råd til å feile 1000 gonger før dei lukkast. Vi som forsvarar oss har ikkje råd til å feile ein einaste gong. Fokuset vårt går i større grad over til korleis vi må beskytte oss mot KI framfor korleis vi skal hente ut potensialet.

Og spørsmålet er om vi samla har teke inn over oss risikoen knytt til KI og effektane av dette, og gjer vi dei nødvendige grepa. Vi diskuterer suverenitet og har behov for handlingevne, samtidig som dei fremste aktørane på digital sikkerheit er tech-aktørar som vi ønskjer å fjerne bindingar mot. Dette er ein balanse vi må diskutere vidare, kva kan vi gjere på kort sikt ,og kva må vi gjere for å sikre vår digitale handlingsevne på lang sikt?Her blir det avgjerande viktig at vi finn saman med resten av Europa.

Eg vil gi ros til politisk leiing som er på ballen, men her treng vi både felles forståing og kollektiv handlingsevne. For feilar vi ,er det tilliten og våre grunnleggande samfunnsverdiar som står på spel.

Det tredje spørsmålet eg har er om samspelet mellom offentleg og privat sektor faktisk legg til rette for transformasjonen som vi treng?

Det er ikkje små ting vi legg i potten når vi snakkar om kunstig intelligens. Vi skal i stort bidra til å løyse utfordringane som vi har framskrive i perspektivmeldinga med at vi får høgare utgifter og lågare inntekter i tida som kjem.

Eg trur eit undervurdert område er potensialet som ligg til auka verdiskaping i næringslivet som følgje av innovasjon knytt atil KI. Noreg har potensial til å ta posisjonar og skape nye verdiar knytt til dataene vi har, der vi har gode demokratiske verdiar som grunnleggande fundament.

Men då må vi gjere meir av det vi veit virkar, offentleg og privat sektor må møte omstillinga som skal til saman, slik som vi for eksempel har lukkast med i DSOP-samarbeidet. For næringslivet er avhengig av at offentleg sektor spelar si rolle og legg til rette for verdiskaping, for nettopp dataene i offentleg forvaltning er nøkkel for å legge til rette for innovasjon og nye marknader.

Men - for at det offentlige skal spele si rolle er vi avhengige av at aktørar i næringslivet som leverer inn til offentleg sektor sin digitalisering også bidrar til omstillinga. I dag er situasjonen slik at offentlege aktørar ofte slit med å gjere sin del av jobben – ikkje fordi vi ikkje ønskjer – men fordi vi er fanga i fagsystem og markedsmodellar som innkapslar data. Fanga i markedsmodellar som held oss tilbake, noko som fører til at data og system blir låst der behovet er å opne opp og dele. Forretningsmessig så er nok dette bra for nokon få, men det stimulerer ikkje til innovasjon, ikkje til open konkurranse i marknaden, og byttekostnadane for offentleg sektor er enorme.

Skal vi lukkast er det ikkje berre vi i offentleg sektor som omstille oss. Også privat sektor må utvikle og omfavne nye markedsmoglegheiter, for ein offentleg sektor som er fanga i gamle fagsystem og datastrukturar understøtter ikkje behova som er der for å legge til rette for innovasjon i næringslivet og bidra til auka produktivitet. Saman må offentleg og privat sektor tenke nytt og vi må opne opp.
Korleis skal vi bygge framtidsretta samarbeidsmodellar og skape verdiar saman, det tek eg gjerne ein vidare dialog på!

Avslutningsvis vil eg trekke fram at Noreg med våre data, høg tillit i samfunnet og med våre verdisett, står i ein unik situasjon. Men vi må ta dei gode vala framover og vi må klare å kombinere balansen mellom ansvarligheit og innovasjon. Difor er eg glad for at regjeringa fredag lanserte KI Norge som skal ha ei vesentleg rolle i å støtte opp dette behovet.

Noreg har rammebetingelsar til å sette gullstandarden for korleis vi utnyttar teknologien til å bygge samfunnet på ein trygg, effektiv og framtidsretta måte – der vårt demokratiske verdisett står stødig og vi er ein viktig aktør for å sikre europeisk handlingsevne.

Eg har i dag peikt på nokre område som eg meiner er avgjerande viktig at vi tek tak i for å sikre at det gode utgangspunktet gir resultat i ønska effektar.

På same måte som landslagssjefen i fotball ikkje vil snakke om at Noreg kan vinne VM før vi har starta, er det ikkje no vi skal halde festtalar om kor bra Noreg har lukkast med KI. Vi er på mange måtar framleis i startgropa, og dei viktigaste grepa står føre oss. Men tida er ikkje vår venn. Vi må unngå å gjere som vi gjorde i forkant av pandemien, forstå risikoen – men handle for seint.

Vi som er her i dag har eit kollektivt ansvar, og det hastar å samle kreftene. For kreftene som er i sving knytt til KI er ikkje noko vi kan handtere kvar for oss, vi må gjere det saman.

Eg ønskjer alle ein strålande konferanse vidare, takk for meg.

Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Danielsen vart utnemnt til direktør i Digitaliseringsdirektoratet i mars 2023. Han var avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Digdir i perioden 2021-2022, har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, og har mellom anna hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Forfattar

Frode Danielsen
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.