Hopp til hovudinnhald
11. juni 2025
4 minutt å lese

I fjor spurte vi: Forstår vi alvoret? I år er alvoret forsterka. Og når vi snakkar om rikets digitale tilstand, er vi i år i enda større grad enn i fjor nødt til å snakke om faktorane som påverkar oss utanfrå.

Direktør Frode Danielsen
- Eg er heilt sikker på at ein av dei mest viktige tinga vi kan gjere, er å løyse dei store oppgåvene saman og samhandlinga må vere meir forpliktande enn i dag. Vi vil aldri klare å møte morgondagens utfordringar kvar for oss, sa direktør Frode Danielsen i sin tale på Digitaliseringskonferansen.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Direktør Frode Danielsens tale om rikets digitale tilstand på Digitaliseringskonferansen 11. juni 2025. Framføring kan avvike frå manus.

Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt.

Vi har bak oss eit år prega av krig, tollbarrierar, økt geopolitisk uro og sist, men ikkje minst ein omkalfatrande bruk av kunstig intelligens som virkar inn i måten vi jobbar på, som virkar inn på sikkerheitspolitikk og inn på demokratiske prosessar. På toppen av dette kjem utfordringane som vi kjenner frå perspektivmeldinga med lågare inntekter og færre folk til å gjere jobbane.

Kort oppsummert er vårt demokratiske verdisett under stadig aukande press. Vi har eit trusselbilde som er det mest alvorlege sidan 2. verdskrig og vi har fortsatt ein stor jobb å gjere for å sikre framtidas velferdsstat.

Og forstår vi alvoret? Min vurdering er at vi samla sett ikkje gjer det. Eg meiner at vi i mange samanhengar er litt naive når det kjem til truslane og utfordringane vi står midt i, og at mange år med velstand og stabilitet blendar oss og gjer oss for trege i omstillingsavtrekkarane. Dette vert også understøtta av direktøren i NSM som ved framlegginga av trusselbildet for 2025 omtala at mange virksomheiter er som opne låvedører. Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt.

Men eg er heilt sikker på at ein av dei mest viktige tinga vi kan gjere, er å løyse dei store oppgåvene saman og samhandlinga må vere meir forpliktande enn i dag. Vi vil aldri klare å møte morgondagens utfordringar kvar for oss. Noreg er eit lite land i Europa, og vi er små samanlikna med dei store tech-selskapa og stormakter som Kina og USA. Kvar og ein av våre virksomheiter er uendeleg små i det store bildet. Gjennom tverrgåande samarbeid i norsk forvaltning, står vi sterkare inn i dette i Noreg. Og gjennom EØS-avtalen står Noreg sterkare saman med EU. Framtida er meir samarbeid.

For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om eg skulle snakke om rikets digitale tilstand – eller rikets digitale "stillstand"?

Det er ikkje stillstand i Noreg. For vi er allerede i gang med å jobbe meir saman. Det siste året har vi fått på plass ein ambisiøs digitaliseringsstrategi, og det er kanskje det viktigaste vi treng for å klare å samordne oss.

Det jobbast jamnt og trutt med å følgje opp tiltaka frå strategien og å bygge digitale tenester som skal gjere kvardagen sikrare, enklare og meir effektiv. Arbeidet med digitalt dødsbu som vi nettopp fekk høyre om, er eit godt eksempel på dette.

Vi har relativt sett gode vilkår og gjer det bra på fleire område målt mot andre land, og vi er i dag rangert som nummer fire på Digital government index frå OECD.

Men som eg også har sagt tidlegare, det viktigaste er ikkje scoren på målingar. Det viktige er korleis vi riggar oss for å klare å samarbeide om dei ambisiøse måla som er satt i strategien - og i praksis, korleis løyser vi utfordringane som vi allereie står oppe i og som kjem til å krevje endå meir i åra som kjem?

Demokrati og tillit som ramme

I tillegg til samordning og samarbeid for å løyse dei store samfunnsutfordringane er det ein annan ingrediens vi er heilt avhengig av for å bevare demokratiet: Tillit.

I ein ny verdsorden der demokratiske verdiar er under press, og nye uvante truslar knytt til desinformasjon, hybridkrig og svindel treff oss, har vi i Noreg framleis høg tillit til kvarandre. Sjølv om innbyggarundersøkinga og undersøkingar frå OECD viser at tilliten til myndigheitene har hatt fallande trend dei siste åra, er vi fremdeles i verdstoppen. Denne tilliten er avgjerande for å halde oppe velferdssamfunnet. Men vi skal ikkje ta den for gitt.

Eit faresignal er at 6 av 10 som har svart på innbyggarundersøkinga i 2024 trur at det skjer korrupsjon i staten. 6 av 10, det er urovekkande. Vi må gjere det vi kan for å halde på og forsterke tilliten i samfunnet. Dette er også eit av dei viktigaste bodskapa i den nasjonale sikkerheitsstrategien som statsministeren nyleg la fram.

I Noreg kviler framtidas tillit til staten og demokratiet i stor grad på korleis vi nyttar teknologien til å bygge offentlege tenester som alle kan stole på. Vi har dei siste månadane sett ei sterk kopling mellom store teknologiselskap og USAs administrasjon, vi har sett viljen til å deregulere teknologi som gjer at makt blir flytta frå folk til kommersielle krefter. Vi ønsker ikkje eit samfunn der det å kritisere og peike på problematiske side ved dette, møtast med retorikk og maktbruk som er ukjente for ekte demokrati.

I Noreg skal vi gjere det motsatt - vi skal bruke teknologien for å styrke demokratiske verdiar og forsterke tilliten i samfunnet vårt. Nettopp derfor er det så viktig at regjeringa har teke grep og beslutta opprettinga av KI Norge som skal bidra til at kunstig intelligens blir tatt i bruk på ein ansvarleg måte på tvers i samfunnet.

Korleis offentleg forvaltning og andre viktige aktørar tek i bruk KI i åra som kjem, vil vera med på å definere samfunnsutviklinga og om vi i framtida har eit tillitssamfunn i Noreg.

Kva hindrar oss – og kva må vi ta tak i no?

Som eg nemnte innleiingsvis må vi forsterke samarbeidet på tvers for å lukkast med å skape nødvendige samfunnseffektar. Dette er heldigvis eit sentralt tema i den nye digitaliseringsstrategien.

I følgje OECD har Noreg gjennom sine fellestenester og tenesteutvikling solide forutsetningar for samordning. Samtidig blir det peika på at mangelen på koordinerande styring hemmar gjennomslagskrafta. Styring er ikkje kun eit spørsmål om struktur - men òg om samspel, strategisk kapasitet og felles løftekraft - på tvers av offentleg og privat sektor– og her har Noreg fortsatt eit forbetringspotensial.

Vi har ferske tal på at det er appetitt for sterkare styring både i stat og kommune, der 9 av 10 ønsker at vi i større grad skal jobbe på tvers av virksomheiter og sektorar.

Med andre ord stemmer fellesskapet for at vi tek kraftigare grep for samordning. Så då er spørsmålet: Når alle vil – korfor får vi det ikkje til?

Eg ønsker å gjenta tre viktige punkt som eg har snakka om før og som eg meiner er avgjerande for å lukkast:

1. Investeringar og nasjonal portefølje

Det første punktet eg er oppteken av er at vi må investere smartare. Det krev at vi har betre innsikt i kva som er nødvendige investeringar for å nå måla våre. Derfor treng vi ei samla nasjonal portefølje som gir oss eit heilhetsbilde.

OECD etterlyser sterkare samanheng mellom styring og investering på digitaliseringsområdet. Om vi lykkast med å kople desse to betre, vil Noreg bygge ei nasjonal portefølje som heng saman og som sikrar at vi får mest samfunnsnytte for pengane.

Vi i Digdir skal bidra til dette gjennom vegkartet som vi utviklar. Gjennom dette arbeidet skal vi få betre kunnskap om kva tverrgåande behov forvaltninga har og kunnskap om kva for tiltak som bør prioriterast først.

Men Digdir lykkast ikkje åleine. Vi må bygge på kunnskap og involvering frå alle sektorar, inkludert privat sektor. Og vegkartet og prosessane rundt må henge saman med budsjettprosessane i staten, slik at politikarane som gjer prioriteringane får best muleg grunnlag for å fatte sine beslutningar.

2. Gevinstar og omfordeling

Det andre punktet er at vi i større grad må hente ut gevinstar frå digitaliseringa gjennom effektivisering. Rammevilkåra i framtida seier at vi må drive meir effektivt, vi kjem til å mangle pengar - og endå meir presserande - vi manglar folk til å gjere jobbane. Dersom vi i salen skal bidra til at å løyse desse utfordringane best mogleg - må vi jobbe på tvers av sektorar og legge til grunn at vi alle sitt i same båt. Dette blir også støtta opp av OECD som tilrår at samfunnsøkonomiske vurderingar må settast inn i eit porteføljeperspektiv, og at gevinstuttaket blir sett i ein heilheitleg samanheng.

Effektiviseringa vil tvinge seg fram på den eine eller andre måten. Alternativet, der vi avventar og håpar at det ikkje treff min etat og min sektor for hardt, er det ingen av oss som kjem godt ut av.

Vi må som samfunn uansett køyre prosessar for å omfordele midlar til dei viktigaste områda, slik som førstelinja i helsesektoren, og eg må dessverre også seie til sikkerheit og forsvar.

Eg er ikkje i tvil om at den beste løysinga er at vi er proaktive og at vi i fellesskap jobbar for å hente ut nødvendige effektar.

3. Siloar og sektorgrenser

Og då er vi inne på det tredje punktet eg er oppteken av. Vi har lenge snakka om at vi i større grad må løyse oppgåvene på tvers og ikkje la oss avgrense av siloar og sektorgrenser. Det finst gode eksempel på at vi gjer dette bra, slik som DSOP-samarbeidet, Digi barnevern og dei nominerte til digitaliseringsprisen som de skal høyre om seinare.

Men skal vi løyse utfordringane vi står overfor i eit heilhetleg samfunnsperspektiv, er ikkje nokre gode eksempel nok. Derfor peiker digitaliseringsstrategien på at vi må gå meir systematisk til verks - legge meir til rette gjennom styringa av offentleg sektor og ha krav og prosessar som fører til at vi løyser oppgåvene saman.

I dag er det fråvær av insentiv til at forvaltninga tar ansvar ut over eiga virksomhet. Dette må vi gjere noko med om vi skal få dei ønska effektane av digitaliseringa. Og kanskje skulle vi gjort som forvaltningslovutvalet anbefalte for nokre år sidan – innføre ei sterkare lovfesting av samarbeidsplikt mellom forvaltningsorgana. Vi må i allfall gi etatane handlingsrom til å sjå tverrgåande når dei jobbar med digitalisering, og suksess må og målast gjennom at ein bidreg til effektar utanfor kjerneoppdraget til sin eigen etat.

Vi har fått ei tydeleg politisk retning og ein marsjordre til oss alle. Vi har høg kompetanse og dyktige folk, og vi har ein tillit i samfunnet som set oss i stand til å gjennomføre dei nødvendige omstillingane i tida som kjem. Men jobben må fortsatt gjerast.

Byråkratane er ikkje problemet

Avslutningsvis vil eg nemne ein av dei store debattane som har gått i år og som har handla om velferdsstaten. Sett utanfrå kan det for mange sjå ut som at byråkratiet består av inneffektive og ubrukelege folk.

Norske byråkratar er ikkje late og ubrukelege. Vi er mellom anna teknologar, forskarar, innovatørar og vi er eksepsjonelt flinke til å navigere mellom mylderet av krevande regelverk og hindringar. Mi erfaring er at norske byråkratar er dyktige og svært lojale til sine oppdrag.

Og historisk sett så var det nettopp kompetente og framsynte byråkratar som var med på å sikre oss rammene som har gitt oss velferdssamfunnet som vi har i dag.

Vi må likevel jobbe for å gjere byråkratiet meir effektivt og løyse oppgåvene meir heilhetleg enn i dag.

Men det er ikkje byråkratane som må fiksast, det er byråkratiet som må endrast.

Byråkratane er ikkje problemet, dei har vore - og er fortsatt ein viktig del av løysinga. Byråkratane som eg møter jobbar for å bevare tillitssamfunnet og dei står opp for demokratiet – og veldig mange av dei har eit stort ønskje om å gjere enda meir. Og det er avgjerande, for det som har vore godt nok fram til no, er ikkje tilstrekkeleg i framtida. Vi må gi flinke byråkratar rammer til å jobbe sammen på tvers av sektorar og til å skape dei nødvendige effektane for samfunnet.

Sjølv om vi møter større utfordringar i tida som kjem enn den som ligg bak oss, er eg optimistisk. Vi har verktøya til å løyse dette. Vi har fått ei tydeleg politisk retning og ein marsjordre til oss alle. Vi har høg kompetanse og dyktige folk, og vi har ein tillit i samfunnet som set oss i stand til å gjennomføre dei nødvendige omstillingane i tida som kjem.

Men jobben må fortsatt gjerast. Eg er klar, det håpar eg de i salen er også!

Takk for meg!

Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Danielsen vart utnemnt til direktør i Digitaliseringsdirektoratet i mars 2023 etter å ha vore konstituert i stillinga sidan november 2022. Han var avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Digdir i perioden 2021-2022, har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, og har mellom anna hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Forfattar

Frode Danielsen
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (1)

H

Henrik N. Ertzeid

11. juni 2025

Veldig bra skrevet. Et kroneksempel på digitaliseringspotensiale hos det offentlige i Norge er arbeidet rundt vandelsattester. Mangelen på å kunne digitalt innhente vandelsattest på vegne av personer som gir samtykke til det, samt muligheten for å kunne få varsel dersom det tilkommer noe på vandelsattest for ansatte, er både en samfunnsrisiko og en enorm sløsing med tid både hos det offentlige og det private.
Vi har sett dette i skandalene som rystet idrettsnorge, der trenere får fortsette å jobbe som trenere innen barneidrett selv om det er avdekket kriminelle forhold fordi idretten ikke får oppdatert/fornyet vandelsattest.
Det ble også åpenbart når Covid pandemien traff Norge og man skulle ha studenter ut i skoler og barnehager for å avlaste ved inndelinger i cohorter. Lange ventetider på vandel ble da en flaskehals.
I tildeling av transportløyver som f.eks. godsløyve eller drosjeløyve er manuell behandling av vandelsattester det siste gjenværende manuelle steget før man kan åpne for langt større grad av automatisert saksbehandling.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 6 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.