Hopp til hovudinnhald

– Vi kan få vesentleg meir ut av dei titals milliardane vi i staten til saman brukar på digitalisering, sa Digdir-direktør Frode Danielsen i sin første tale om Rikets digitale tilstand på Digitaliseringskonferansen 31. mai.

Frode Danielsen på talerstolen
Direktør Frode Danielsen på talerstolen på Digitaliseringskonferansen i Oslo 31. mai 2023.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Vi kan for eksempel ikkje både rope etter finansiering for å løyse felles behov, for så å løyse dei same behova kvar for oss når vi ikkje får felles finansiering. Dette skjer i dag, og slik kan det ikkje fortsette. Det er ikkje berekraftig og det er ikkje lagspel.

(Framføring kan avvike frå manus)

Vi står overfor tøffare tider – på fleire måtar. Det utfordrar digitaliseringstakten og alle oss som er med på Digitaliseringskonferansen.

Her heime har det skjedd mykje på digitaliseringsfronten dei siste åra. Sidan 2016 er bruken av digitale fellesløysingar tidobla – mens kostnaden er på same nivå som i 2016. Det er ei suksesshistorie som held fram med full styrke: Årleg koplar opp mot 2 000 nye digitale offentlege tenester seg på. Det er ein kraftig auke, og det store trykket i digital tenesteutvikling krev at vi oppgraderer og dimensjonerer vår digitale grunnmur. Skate har utrykt ei betydeleg felles bekymring for manglande finansiering av fellesløysingane, og dei alvorlige følgene det har og kan få vidare.

Men: Det er nødvendig å understreke at strammare rammevilkår, høgare straumprisar og aukande sikkerheitstruslar ikkje kan samanliknast med det våre ukrainske kollegaer opplever - kvar einaste dag. Det perspektivet må vi ha med oss. Difor er eg ekstra glad for at vi skal få høyre vår ukrainske kollega Oleksandra Deineko fortelje korleis Ukraina nyttar digital teknologi i kampen for fridommen.

Med det som bakteppe: Korleis er rikets digitale tilstand? Korleis står det til i Noreg samanlikna med andre land? Lykkast vi med å skape samanhengande tenester, klarer vi å skape nye verdiar ved å dele og bruke data, og utnyttar vi potensialet i eksisterande fellesløysingar, eller prøver vi framleis å lykkast kvar for oss?

Eg vil starte med det positive: I år som i fjor viser «Rikets digitale tilstand» at vi får til mykje om vi samlar kreftene og innsatsen. Ein av grunnane til det er at vi har ein god digital grunnmur i dei nasjonale fellesløysingane og registera, som gjer det enklare å bygge gode tenester for innbyggarar og næringsliv – i tillegg har innbyggarane jamnt over høg digital kompetanse, som gjer at dei klarer å ta i bruk digitale tenester frå både offentleg og privat sektor.

Vi gjer det også bra internasjonalt. I DESI-indeksen 2022 havnar vi på en 5. plass blant 28 land i Europa, og vi er på ein god 10. plass i EU si rangering av digital modenheit. Det framgår av rapporten eGovernment Benchmark som viser at vi ligg godt an når det gjeld digitale løysingar og tenester.

Eit anna positivt trekk er at 30 prosent av norske offentlege verksemder melder at dei lykkast med å ta ut dei forventa gevinstane frå digitaliseringsprosjekta. Det er veldig bra, og ein auke på 11 prosentpoeng frå året før.

Også talet på verksemder som nyttar fellesløysingane auka med 9 prosent siste år.

Men alt er ikkje positivt. Sjølv om vi kan gle oss over at 30 prosent av norske offentlege verksemder lykkast i å ta ut forvente gevinstar i eiga verksemd, melder heile 44 prosent at dei har problem med å ta ut gevinstane av digitalisering på tvers av offentleg sektor. Det betyr at vi ikkje lykkast godt nok med å ta ut effekten av samordning for forvaltninga som heilheit. I dette lyset er det ikkje så rart at vi får ein debatt om korleis vi organiserer og finansierer tverrgåande digitaliseringsprosjekt, slik som samanhengande tenester og livshendingar er.

Rikets digitale tilstand viser at vi framleis har ein veg å gå når det gjeld å utvikle samanhengande digitale tenester som er enkle og intuitive å bruke for innbyggarar og næringsliv. 25 prosent av verksemdene opplyser at dei utviklar samanhengande tenester, og det er bra, men det er ein nedgang frå 30 prosent fra året før. Det går i feil retning. Dette viser at vi ikkje må ta for gitt at utviklinga går av seg sjølv. Arbeidet må prioriterast.

Vi kan også bli betre på å involvere brukarane frå starten når vi skal designe tenestene.

Og vi må bli betre på å hugse at det ikkje held å informere om at personlege data er brukt, men at vi også må informere om når, av kven og til kva for formål data har vorte brukt. På dette parameteret i eGovernment benchmark, som går under begrepet Transparens, scorer vi under EU-gjennomsnittet.

Når eg er inne på datadeling, så er vi framleis ikkje der vi vil vere når det gjeld deling og gjenbruk av data til tenesteutvikling og verdiskaping. Sjølv om det har vore ei positiv utvikling det siste året, er det framleis berre 29 prosent av dei statlige verksemdene som delte opne data i 2022, og kun 19 prosent i kommunane. Digdir har nyleg lansert ein oversikt over verksemder i stat og kommune som deler data på data.norge.no, og vi må halde oppe tempoet og «drivet» på området for å kunne realisere dei gevinstane vi veit ligg der.

2022 var også året da vi for alvor fekk auga opp for utfordringa med digitalt utanforskap. Etter kvart ser vi omfanget av dette. Ei kartlegging frå Danmark viser at mellom 17 og 22 prosent av innbyggarane står i fare for å oppleve digitalt utanforskap. I Noreg har vi ikkje gjennomført ei tilsvarande kartlegging, men basert på ein gjennomgang om barrierar som kan føre til digitalt utanforskap, kan dette gjelde anslagsvis 20 prosent av befolkninga. Løysinga er ikkje mindre, men betre digitalisering. Alle vi som utviklar og tilbyr digitale tenester må ta dette på alvor, det er vi som er ansvarlege for å lage løysingar som alle kan bruke.

Arbeidet med ein ny digitaliseringsstrategi står for døra. Basert på erfaringane med dagens strategi “Én digital offentlig sektor”, ser vi fleire viktige utviklingsområde som må videreførast.

Målet må framleis vere at offentleg sektor blir digitalisert på ein open, inkluderande og tillitsvekkande måte. Med den raske teknologiutviklinga og utviklinga innanfor området kunstig intelligens, blir dette særleg viktig i tida som kjem.

Som oversikten viser, har vi ein veg å gå på fleire område. For eksempel må vi lykkast betre med å realisere gevinstane digitaliseringa gir og kan gi. Det er framleis ein jobb å gjere for å skape gode brukeropplevingar og samanheng i tenestene frå ulike verksemder og sektorar.

Vi veit at vi må lykkast betre med å dele og bruke data til tenesteutvikling og verdiskaping, som også er avgjerande for næringslivet. Ein god digital infrastruktur – på same måte som eit godt vegnett – er ei forutsetning for at næringslivet skal kunne ta ut potensialet i ny verdiskaping og for at vi på tvers av privat og offentleg sektor skal kunne løyse dei store bærekraftsutfordringane.

Dette var eit raskt bilde på rikets digitale tilstand på nokre viktige område. Eg har lyst å dele nokre tankar: Pandemien viste at vi kan få til utrolige ting på kort tid og til svært låg kostnad om vi samarbeider prestisjelaust og utnyttar dei felles byggeklossane våre. Da vi var nøydd, så fann vi løysingar rundt barrierane som hindra tverrgåande digitalisering.

Min påstand er at vi kan få vesentleg meir ut av dei titals milliardane vi i staten til saman brukar på digitalisering. Vi kan for eksempel ikkje både rope etter finansiering for å løyse felles behov, for så å løyse dei same behova kvar for oss når vi ikkje får felles finansiering. Dette skjer i dag, og slik kan det ikkje fortsette. Det er ikkje berekraftig og det er ikkje lagspel.

La meg lufte ein idé: La oss lage ein felles digitaliseringspott på ein halv milliard der alle vi som er her bidrar med ein liten del av våre digitaliseringsbudsjett kvar – for å løyse felles behov og samtidig hente ut store innsparingar og samfunnsgevinstar. Så brukar vi midlane til å finansiere felles tiltak som løyser flokane vi alle har behov for å løyse - raskt og smidig.

Samfunnsøkonomiske analysar vi i Digdir har gjort viser at å legge til rette for tverrgåande digitalisering, og å utvikle og videreutvikle fellesløysingar for å løyse like behov, sparer samfunnet for milliardar kvart år, mange gonger meir enn vi investerer.

Folkens, då må vi gjere meir av det!

For eksempel: Vi er heilt einige om at Noreg treng ei felles fullmaktsløysing for å inkludere fleire til å ta del i dei digitale løysingene vi har. I mangel av ei fellesløysing utviklar vi fullmaktsløysingar i kvar våre sektorar, både privat og offentleg, sjølv om dei skal løyse dei same grunnleggande behova for innbyggarane. Det betyr jo at vi i fleire verksemder allereie brukar eller planlegg å bruke ressursar og pengar på fullmaktsløysing – ikkje saman, men kvar for oss.

La oss heller bruke ressursane til å samskape ei ny felles fullmaktsløysing. Dette er eit godt eksempel på at vi kan styre smidigare og sterkare på tvers, og spesielt viktig er det i tøffare tider å bruke fellesskapet sine ressursar effektivt. Vi må sørge for at vi saman gjer dei rette tinga, og ikkje berre gjer det rett kvar for oss.

For å vere konkret: Ei tverrgående fullmaktsløyning vil koste nokre titals millionar å utvikle. Den samfunnsøkonomiske gevinsten over ti år er for det offentlege berekna til 1,8 milliardar. Reknestykket snakkar eit klart språk.

Eg trur at teknologiutviklinga og kravet til samskaping på tvers av verksemder – og ikkje minst mellom offentleg og privat sektor – vil føre til vår tids forvaltningsreform, vi kan ikkje ha ei passiv tilnærming til dette. Den raske utviklinga innan teknologi og kunstig intelligens vil vere med på å forme samfunnsutviklinga og også føre til at brukarane gjennom sine handlings- og bruksmønstre vil påvirke korleis det offentlege må utvikle tenestene. Dette blir ein verkeleg transformasjon for offentleg sektor, enten vi vil eller ikkje. Skal offentleg sektor henge med, kan vi ikkje styre oppgåvene på same måte som vi har gjort dei siste 60 åra. Vi må bli smidigare når det kjem til måten vi styrer og finansierer på, og sjå annleis på måten vi bygger tenester på. Og delar av digitaliseringa må gjerast meir sektoruavhengig. Oppsida er at her er det milliardar å spare og milliardar å hente.

Vi ser frå andre land at digitalisering er viktig og heilt sentralt på den politiske dagsorden. Vi må vere ærlege og seie at slik er det ikkje i Noreg i dag. Då må vi som sit her i fellesskap sørge for å sette temaet på dagsorden. Vi må sette dei som styrer i stand til å forstå at digitalisering er avgjerande viktig for sikkerheit i Norge, for demokratiet vårt, for eit berekraftig samfunn og for at vi skal forvalte ressursane våre mest mulig effektivt. For oss her i salen handlar det om å løyse ekte problem for ekte folk, skape betre løysingar og skape nye verdiar for samfunnet – og kutte unødvendige prosessar og kostnader som oppstår når vi jobbar for lite smidig og for lite på tvers.

Vi må få alle til å forstå at betre digitalisering er ei forutsetning og ein nøkkel for å løyse mange av samfunnsutfordringane Noreg står overfor. Då må digitalisering i mykje større grad vere på den politiske dagsorden og vere ein strategisk prioritet for Noreg.

Som samfunn står vi overfor mange utfordringar, og digitalisering er ein nøkkel til å løyse mange av dei. I morgon skal vi gå djupare ned i dette med tre spennande sesjonar, der vi har tema knytta til digitalt utanforskap, sikre heilskapleg informasjon til brukarane, og ikkje minst berekraft og digitalisering.

Som resten av konferansen også vil vise, er eg heilt sikker på at samarbeid er nøkkelen for å lykkast.

Eg har eit ønske om at vi i offentleg sektor i mykje større grad blir styrt og målt på felles mål, og korleis vi jobbar saman på tvers for å løyse felles behov – og konkret: Korleis vi utnyttar fellesskapet sine ressursar. Altså både om vi gjer dei rette tinga og at vi gjer det rett saman.

Det ER tøffare tider. Det er tid for lagspel.

Med talen "Rikets digitale tilstand" opna direktør Frode Danielsen Digitaliseringskonferansen 2023. Under same tema heldt også rikserevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen eit innlegg på konferansen.

Kontakt

Frode Danielsen

Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 91156063