Søk om medfinansiering til digitaliseringstiltak før 2. august

Vi har 19,5 mill. kr igjen av årets pott til medfinansiering og vi oppfordrar statlege verksemder til å søke om midlar til tiltaka sine. 

Digdir forvaltar medfinansieringsordninga for delfinansiering av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Midlane blir vanlegvis lyst ut i oktober kvart år, med søknadsfrist i slutten av januar, og i år var potten på over 189 mill. kr.

Fortfarande midlar til tiltak

Vi har 19,5 mill. kr igjen av årets pott til medfinansiering og vi oppfordrar statlege verksemder til å søke om midlar til tiltaka sine.

Les meir og søk

Ei statleg verksemd må stå som søkjar om medfinansiering, men kommunar, næringsliv og frivilleg sektor kan vere samarbeidspartar.

Få dekka inntil 85%

Små og mellomstore digitaliseringstiltak, med prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kr, kan få dekka opptil 50 % av total prosjektkostnad, maksimalt 15 mill. Kr.

Tiltak som støttar opp under målet om samanhengande tenester i digitaliseringsstrategien, og har prosjektkostnad opptil 100 mill. kr, kan få dekka inntil 85% av prosjektkostnaden.

Tiltaka må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame. Både kvantitative og kvalitative nytteverknader tel med.

Tiltak som har fått medfinansiering tidlegare år

Kontakt

Elin Oksavik

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Telefon
+47 902 24 846