Hopp til hovudinnhald

Søknad om medfinansiering

Søknadsfristen for 2024 er no gått ut. Vi takker for alle søknadene som kom!

    140,6 millionar i potten i 2024

    Digdir skal i 2024 dele ut 140,6 millionar kroner til både små og mellomstore digitaliseringstiltak som er samfunnsøkonomisk lønnsame. Søknadsfristen for 2024 er gått ut. Vi behandlar no søknadene som kom inn og held kontakt med søkjarane.

    Neste søknadsrunde blir i starten av 2025.

    Krav til søknader

    Ei statleg verksemd må stå som søkjar, andre kan vere samarbeidspartar. Total prosjektkostnad må vere mellom 10 og 100 mill. kr. De kan søke om 50 % medfinansiering.

    Prosjektet må vere ferdig med konseptfasen, men ikkje ha kome i gjennomføringsfasen. Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt.

    Dersom tiltaket vedkjem kommunane, skal KS involverast i utarbeiding av søknaden så tidleg som mogleg. KS skal ha frist på minimum 2 veker på å uttale seg, og uttalen skal følgje søknaden. Sjå KS sin kontaktadresse i søknadsmalen.

    Vurdering av søknader

    Søknadsbehandling går føre seg i to trinn:

    Trinn 1: Søknadane blir først rangert ut frå samfunnsøkonomisk lønsemd. Det blir lagt vekt på

    • netto noverdi per krone investert
    • kvalitative nytteverknader

    Det blir deretter gjort ei samla vurdering der også tiltaket si modenheit blir vektlagt og i kva grad tiltaket støttar opp under regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi.

    Tiltak som blir prioritert får ei førebels tilsegn om medfinansiering og ein frist for å levere ein gevinstrealiseringsplan.

    Trinn 2: Gjennomgang og godkjenning av gevinstrealiseringsplanen

    Tiltaka får deretter ei endeleg tilsegn om medfinansiering.

    Krav om gevinstrealisering

    Gevinstrealiseringsplanen skal vise gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder og kommunar.

    Det er eit krav at 50 % av netto gevinst i søkjarverksemda skal realiserast ved reduksjon av budsjettramme. Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Andre statlege verksemder med netto gevinstar over 5 mill. kr. i tiltakets levetid får også 50 % av dette som kutt i sine budsjettrammer.

    Gevinstrealiseringsplanen skal ta utgangspunkt i nyttevurderingane i søknaden. Andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar må involverast i planarbeidet. Dersom gevinstar kjem i kommunesektoren, må KS involverast.

    Gevinstrealiseringsplanane skal vise både brutto og netto gevinstar, og det må gjerast greie for tiltak for å ta ut gevinstane. Døme på det kan vere nedbemanning, omrokering av personell og oppgåver, endra arbeidsprosessar og informasjonstiltak og opplæringstilbod til dei som skal bruke løysingane. Den samfunnsøkonomiske nytten er ofte avhengig av om mange nok verksemder/kommunar og/eller innbyggjarar tek løysinga i bruk.

    Verksemdene må i tillegg gjere greie for korleis dei vil følgje opp og måle at gevinstane blir realisert, til dømes gjennom statistikk over bruk, spørjeundersøkingar osv.

    Kontakt

    Håkon Henjum

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: +47 99 01 46 84

    Elin Oksavik

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 90224846