Skate-møte 9. desember 2020 – referat

På agendaen stod møte med distrikts- og digitaliseringsministeren, erfaringsrapport frå regjeringa sin digitaliseringsstrategi, sluttrapport og drøfting av vidare arbeid med organisering, styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar, innkrevjing i framtida basert på samanhengande tenester og brukar sine livshendingar, det samla arbeidet med livshendingar og Skate sin møteplan 2021 og sakliste neste halvår.

På denne sida

    Møtestad: Digitalt møte i Microsoft Teams
    Møtetid: 08:30 – 12.15

    Deltaking

    Medlemmar av Skate

    • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
    • Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (Brreg)
    • Norunn Saure pva Karl Stener Vestli, Direktoratet for e-helse (eHelse)
    • Jørn Leonhardsen pva Nina Schanke Funnemark, Skatteetaten (SKE)
    • Johnny Welle, Statens kartverk (Kartverket)
    • Kristin Weidemann Wieland, KS
    • Svein Lyngroth, Oslo Kommune
    • Jonas Slørdahl Skjerpe pva Hans Christian Holte, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
    • Ingunn Cowan pva Lars Petter Flåtten, Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)
    • Inga Bolstad, Arkivverket
    • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

    Observatør

    • Katarina de Brisis, KMD (observatør)

    Bisitjarar

    • Knut Bjørgaas, Digdir
    • Arnt Kristiansen, Brreg
    • Inger-Mari Ouren, SKE
    • Olav Petter Aarrestad, Kartverket
    • Thomas Ringvår, Oslo kommune
    • Håkon Røstad, NAV
    • Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
    • Annette Furset, Unit

    Sekretariat

    • Jan Sørgård, Digdir
    • Silje Johansen, Digdir

    Deltaking på saker

    • Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland, sak 17/20
    • Statssekretær Paul Chaffey, sak 17/20
    • Knut Bjørgaas, Digdir, sak 18/20 og 19/20
    • Cecilie Solum, SKE, sak 20/20
    • Bente Dahle, SKE, sak 20/20
    • Mats Jentoft, SKE, sak 20/20
    • Grete Orderud, Digdir, sak 21/20

    Sakliste

    Faste saker

    • Godkjenning agenda
    • Godkjenning av referat førre møte
      Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Saker til behandling

    • 17/20 Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren
      Distrikts- og digitaliseringsminister Lina Hofstad Helleland
    • 18/20 Erfaringsrapport, første år med regjeringa sin digitaliseringsstrategi – innspel frå Skate
      Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
    • 19/20 Orientering om sluttrapport og drøfting av vidare arbeid - Organisering, styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar
      Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
    • 20/20 Innkrevjing i framtida basert på samanhengande tenester og brukar sine livshendingar – Råd frå Skate
      Skatteetaten/Cecilie Solum, Bente Dahle og Mats Jentoft
    • 21/20 Det samla arbeidet med livshendingar
      Digitaliseringsdirektoratet/Grete Orderud
    • 22/20 Skate sin møteplan 2021 og saksliste neste halvår
      Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Orienteringssaker

    Eventuelt

    Faste saker

    Godkjenning av agenda 09.12.2020

    Agendaen vart godkjent.

    Godkjenning av referat frå Skate-møte 14.10.2020

    Referatet vart godkjent.

    Saker til behandling

    17/20 Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 17-20 Saksframlegg - Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Statsråden innleia med å peike på at Skate har ei svært viktig rolle som strategisk rådgjevar på digitaliseringsområdet. Skate gir ein unik moglegheit for ei samordna digitalisering i offentleg sektor med god fart og retning. Digitalisering har og vist seg å være heilt avgjerande i situasjonen Noreg har vore i gjennom 2020.

    Statsråden viste til digitaliseringsstrategien som regjeringa og KS la fram saman i 2019. Ho ynskjer å finne igjen føringane i strategien i digitaliseringsarbeidet i sektorane og kommunane. Behova til innbyggarane, næringslivet og frivillig sektor må setjast i sentrum, samtidig som vi skapar ein effektiv offentleg sekor. Men dei tverrgåande behova kan og gje konflikt og utfordringar opp mot prioriteringar internt i statlege sektorar og i kommunane. Det er derfor viktig at Skate støttar opp under å sjå brukarbehov på tvers, og brukar sin unike posisjon til å bidra til at vi klarer å nå tverrgåande mål på digitaliseringsområdet. Stort fokus på livshendingane og dei samanhengande tenestene er heilt avgjerande for å nå desse måla. Arbeidet er både krevjande og utfordrande, men og spennande.

    Statsråden peika på at vi er komne langt innan digitalisering i Noreg, noko ho får gode tilbakemeldingar på i møter med europeiske kollegaer. Det skal vi være glade for. Men vi må ikkje setje oss tilbake og slå oss på brystet. Vi må fortsetje å arbeide for å bli betre, fram mot å heile tida være verdsleiande på digitaliseringsområdet.

    Med utgangspunkt i digitaliseringsstrategien ynskte statsråden i møtet med Skate refleksjonar og innspel på status i arbeidet med dei samanhengande tenestene, korleis Skate kan bidra og ståstad og vidareutvikling for det nasjonale økosystemet.

    Oppsummering av refleksjonar og innspel
    Om arbeidet med dei samanhengande tenestene

    • Skate er glade for at vi no ha ein god felles digitaliseringsstrategi i heile offentleg sektor og vektlegginga i den på brukarorientering og samanhengande tenester. Det har gitt ein ny driv i digitaliseringsarbeidet i både staten og kommunane.
    • Samarbeid mellom stat og kommune er svært viktig i digitaliseringsarbeidet. Her har digitaliseringsstrategien vore ein viktig pådrivar.
    • Datakvalitet og deling og gjenbruk av data er også viktig for å lykkast. Det bør ein tydelegare fokusere på i alle offentlege verksemder. KMD og andre departement må og arbeide for at det blir godt tilrettelagt for deling av data i offentleg sektor. Det kan til tider synes som om ikkje alle departement forstår dette og kor viktig det er.
    • Den årlege erfaringsrapporten til digitaliseringsstrategien skal i dag handsamast i Skate. Den viser at arbeidet med livshendingane er i gang, og det vert meldt om framdrift i arbeid og med leveransar. Det varierer samtidig noko i verksemdene sine erfaringar med brukarinvolvering og tenestedesign. Fleire i Skate peikar på at ulike erfaringar og kompetanse i verksemdene har vore ei utfordring. Også mangelen på ein felles metodikk i tida vi har bak oss har gjort at fleire statlege verksemder har famla litt i dialogen med kommunane.
    • Fleire av dei samanhengande tenestene involverer mange verksemder og kommunar. Eit sentralt tema her er korleis vi kan få til betre samarbeid mellom alle involverte. Her prøver ein litt ulike tilnærmingar.
    • Arbeidet med samanhengande tenester har vist at det ofte er lange kjeder og kompliserte prosessar. Det vil oftast være fleire deltenester innan kvar livshending som det må utviklast tenester for. Dette er viktig å merke seg for alle.
    • Det er viktig at verksemdene involvert i ei livshending har eit koordinert driv og tilstrekkeleg finansiering. Det gjeld både dei som leverer deltenester og dei som sit på datagrunnlaget. Her saknar Skate tydelege prioriteringar, føringar og samordna styring frå departementa til dei involverte verksemdene. Ein ser og at problem kan bli løfta til departementsnivå, men at saka då stopper i staden for å bli løyst. Det kan synes som om det i fleire fagdepartement ikkje er god nok kunnskap eller forståing om kor viktig og prioritert digitaliseringsstrategien er av regjeringa, og kva samanhengar som er viktige i ei samanhengande teneste. Statsråden og KMD vert oppfordra til å sjå på korleis dette kan løysast betre i og på tvers av alle departement.
    • Skate meiner det er behov for betre digitaliseringskompetansen i embetsverket i departementa for å få digitaliseringsvenleg styring og regelverk både innan einskilde fagområde og på tvers. Eit målretta, nettbasert kurs bør utviklast til formålet. Det burde og være slik at alle utredningsutval bør ha minst ein person med særskilt digitaliseringskompetanse. Desse tinga bør føljast opp særskilt av statsråden og KMD på departementsnivå, gjerne i samråd med spesielt Digdir og Unit.
    • Det har vore viktig for fleire å kunne få midlar frå StimuLab. Det gjev moglegheiter til å prøve ut saman og drive innovasjon. Det er viktig ved nye samanhengande tenester.
    • Nokre i Skate uttrykte usikkerheit på om det sterke fokuset på dei sju samanhengande tenestene i strategien kan få utilsikta konsekvensar. Kanskje er det fleire samanhengande tenester som er sentrale og viktige og som ikkje vert prioritert sidan alt fokus er på dei sju som er nemnde i strategien.
    • Fleire i Skate peika og ulike nyttige erfaringar frå
      • råd frå Digitaliseringsrådet i konkrete saker
      • DSOP-samarbeidet
      • arbeidet med geodatastrategien.
    • Digdir viste og til deira arbeid med å understøtte arbeidet med alle dei samanhengande tenestene og å følgje opp handlingsplanen til digitaliseringsstrategien i samråd med Skate.

    Om korleis Skate kan bidra til å løyse problem på tvers

    • Skate har ei veldig viktig rolle for å sjå på tvers av sektorar, verksemder og forvaltningsnivå og gje råd ut frå det. Det vert i framtida og viktig å sjå på tvers av nasjonale grenser.
    • Det er viktig at Skate synleggjer dei strukturelle utfordringane i forvaltninga knytt til digitalisering.
    • Skate kan bidra til å løfte og få eit sterkare trykk bak felles utfordringar og beste felles løysingar i offentleg sektor. Men Skate må og bli lytta til av både KMD og andre departement.
    • Skate kan bidra til å identifisere kva som er utfordringar og drivarar for eit digitaliseringsvennleg regelverk. Skate har bl.a. allereie gitt viktige innspel til NOU og forslag om endringar i forvaltningslova, som Skate håper JD lyttar til.
    • Skate kan bidra med drivkraft for å få gjennomført digitaliseringsstrategien. Det er behov for eit trykk på tvers av sektorar og Skate kan bidra på direktoratsnivå. Men KMD må ta sin del for å få til dette trykket på tvers på departementsnivå.
    • Skate som nettverksarena er viktig. Gjennom Skate vert det mogeleg å kople kvarandre sitt arbeid og utfordringar og skape samarbeid og felles løysningar for heile offentleg sektor.
    • Unit har teke initiativ til ei tverrsektoriell satsing for «livslang læring» saman med ei rekkje aktørar. Dette omfattar løysningar for å kople dei som gjev tilbod om læringsressursar med kunnskapssøkande. Kunnskapssøkande er både verksemder og einskildpersonar. Dei som gjev tilbod er både offentlege og private på fleire utdanningsnivå. Målet er å bidra til at færre hamnar på utsida av arbeidsmarknaden grunna kompetanse, sikre at arbeidslivet har tilgang til kompetanse for å drive innovasjon, næringsutvikling og utvikling av offentleg forvaltning. Satsinga vil understøtte livshendingane «miste og finne jobb» og «ny i Norge». Skate har gitt Unit råd i dette arbeidet, noko som er eit anna godt eksempel på Skate som samarbeidsråd.

    Om ståstad og vidareutvikling for det nasjonale økosystemet

    • Digdir skal i 2021 i samråd med Skate sjå på utbygging og utnytting av økosystemet for å forbetre dette. Her er både Skate som toppleiarfora og Skate sitt arbeidsutval sentrale. Koplinga til behova i dei samanhengande tenestene blir særskilt viktig.
    • Skate har tidlegare peika på at fokuset på livshendendingar og samanhengande tenester kan ta bort noko av fokuset på investeringsbehovet for den underliggande infrastrukturen. Både livshendingane, dei samanhengande tenestene og andre tenester er avhengig av ein god og framtidsretta infrastruktur, bl.a. for deling av data. Medfinansieringsordninga bør bl.a. gje moglegheit for støtte til slik infrastruktur og bør tilpassast det. Slike investeringar gir ikkje kostnadsinnsparingar for dei som skal investere, men gir moglegheiter for gevinstar hos mange. Då må ikkje finansieringsordningane være skrudd slik saman at dei hindrar at slike moglegheiter for gevinstar hos mange vert skapt.
    • Det bør vere tydelege føringar om at kvar del i økosystemet må kunne å ta inn over seg nye utfordringar og dei ulike delane må vere enkle å ta i bruk.
    • Alle verksemder bør få tydelege føringar om at når dei lager nye løysingar så skal dei vurdere om og korleis dette eventuelt kan brukast av andre og om det kan inngå i økosystemet.

    Vedtak

    • Statsråden merkar seg innspela frå Skate.

    18/20 Erfaringsrapport, første år med regjeringa sin digitaliseringsstrategi – innspel frå Skate

    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 18-20 Saksframlegg - Erfaringsrapport 1 år med regjeringens digitaliseringsstrategi
    • Sak 18-20 Vedlegg - Utkast til erfaringsrapport handlingsplan 2020 per 23.11.20
    • Sak 18-20 Presentasjon - Erfaringsrapport handlingsplanen

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) skal på oppdrag frå KMD utarbeide ein erfaringsrapport etter eitt år med regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Målgruppa vil være politisk leiing, departementa, alle som arbeider med digitalisering i offentleg, privat og frivillig sektor og andre interesserte.

    Digdir har no utarbeidd eit utkast. Det er lagt opp til at erfaringsrapporten gjennom tre hovuddelar skal

    • Klargjere status, erfaringar og viktige læringspunkt
    • Peike på viktige drivkrefter for digitalisering i offentleg sektor
    • Vurdere behovet for justeringar i handlingsplanen og gje anbefalingar ut frå dette

    Utkastet er lagt fram for Skate i denne saka. Med bakgrunn i Skate sitt nye mandat ynskjer Digdir innspel frå Skate til erfaringsrapporten.

    Oppsummering av refleksjonar og innspel
    Om struktur og innretning på erfaringsrapporten

    • Det er gjennomgåande støtte i Skate til format, struktur og overordna innretning på erfaringsrapporten.
    • Saknar ei tydeliggjering av kommunal sektor si rolle. Strategien er laga i ein samarbeidsmodell med KS, og kommunane leverer dei fleste innbyggartenesten. Dette bør få ein tydelegare plass i erfaringsrapporten.
    • Utkastet har kanskje litt for mykje fokus på Digdir. Digdir har sjølvsagt ei veldig viktig rolle, men det bør bli tydelegare at dette er erfaringsrapporten til ein strategi og handlingsplan som gjeld på tvers av fagsektorar og forvaltningsnivå.
    • Utgangspunktet for strategien er livshendingane, og dette innsatsområdet står i sentrum for det meste andre. Saknar derfor ei meir tydeleg og sentral rapportering på korleis arbeidet med desse går. I utkastet synes status for desse å være upresist.

    Om erfaringar og drivkrefter

    • Det er viktig at rapporten gir eit realistisk bilde av erfaringane og ikkje vert ein reklameplakat for strategien. Vi må kunne lære av svakheiter også.
    • Strategien og handlingsplanen har vore ein døropnar for digitalisering i kommunane. Ta gjerne med gode eksempel som er drevet fram i kommunane og i digitaliseringssamarbeid.
    • Erfaringsrapporten må være tydeleg på sentrale problemstillingar, for eksempel styringsproblematikken. Dette må det arbeidast med i framtida.
    • Kontinuerleg utvikling av tenester krev ei anna finansiering enn prosjektfinansiering i rykk og napp. Det er ønskjeleg at rapporten kan seie noko om dette.
    • Dei teknologiar som ligg som drivkrefter i utkastet er kanskje ikkje dei viktigaste i ein statusrapport, spesielt ikkje blockchain og RPA. Kunstig intelligens er eit døme på ein særs viktig teknologi. Tek ein drivkrefter med som trendar i ein erfaringsrapport, så er det viktig at det er nært, relevant og konkret som eksempelvis Schrems problematikken som rammer mange.
    • Tydeleggjer gjerne kor viktig det er med strukturerte data og datakvalitet for å lage sjølvgåande maskinbaserte tenester lenger ut i løypa.
    • Vurder om rapporten burde eller kan seie noko om gevinstar som har blitt realisert
    • Når det gjeld digitaliseringsvennleg regelverk er vi svært spente på kva Digdir sitt nye ressurssenteret kjem opp med.
    • Rapporten må være tydeleg på korleis vi arbeider for å innrette økosystemet, slik at det blir eit insitament til å bruke fellesløysingar.
    • Økosystem er eit vanskeleg omgrep. Mange legg myke forskjellig i det. Slik det er framstilt i rapporten er det myke likt Digdir sine fellesløysingar, og det er viktig at dette ikkje blir oppfatninga.

    Om anbefalingar

    • Det er viktig å få dei understøttande tiltaka inn i handlingsplanen på ein adekvat måte. Slik Digdir skisserer dette med AU i ei aktiv rolle synes å være ei god løysing.
    • Skal økosystemet være levande, må vi utvikle betre kriterium for kva som er viktig for heile offentleg sektor og kva som skal inn i handlingsplanen.
    • Vurder å ta inn noko om Unit si forslag om tverrsektoriell satsing på livslang læring. Gjennom den kan vi mykje betre kople kunnskapssøkande individ/verksemder og utdanningstilbydarar. Målet er å bidra til at færre fell utanfor arbeidslivet. Satsinga understøtter livshendingane Ny i Norge og Miste og finne jobb.
    • Det er viktig at læringa frå erfaringsrapporten blir spreidd utover fellesskapet i Skate. Håpar Digdir tek initiativ til dette.

    Innspel til neste års rapport

    • Lag ein top-down status på digitalisering i dei ulike sektorane. Sjå på kva som er hemmande her. Prøv å identifisere nokre faktorar for å lage eit samanlikningsgrunnlag på tvers, for eksempel investeringar innen digitalisering som andel av sektoren sitt totalbudsjett, kor stor del av investeringar vert gjort på tvers, og andre relevante faktorar. Det vil gje et strategisk blikk på tvers av sektorane, noko som også bør være viktig for Digdir som strategisk premissgjevar.

    Vedtak

    • Skate sluttar seg til foreslått struktur på erfaringsrapporten.
    • Digdir merkar seg og tek med seg innspela frå Skate til ferdigstilling av erfaringsrapporten.

    19/20 Orientering om sluttrapport og drøfting av vidare arbeid- Organisering, styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar

    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 19-20 Saksfremlegg - OrgStyrFin - Sluttrapport og videre arbeid
    • Sak 19-20 Vedlegg - OrgStyrFin - Sammendrag sluttrapport
    • Sak 19-20 Presentasjon - OrgStyrFin - Sluttrapport og videre arbeid

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Skate har gitt innspel i saka fleire gonger, sist i sak 14/20 den 14.10.20. Digdir har vurdert alle innspela i arbeidet med sluttføring av rapport som vart sendt KMD 13.11.20. Samandraget ligg ved denne Skate-saka.

    Sjølv om anbefalinga er levert KMD, står det igjen ei rekkje avklaringar før ny styrings- og finansieringsmodell kan operasjonaliserast. Digdir har peika på fleire sentrale problemstillingar vidare og reiste fylgjande spørsmål til Skate:

    • Har Skate innspel til operasjonalisering av den skisserte styringsmodellen?
    • Kva råd vil Skate gje til Digdir basert på dei uteståande avklaringane knytt til finansiering?

    Oppsummering av refleksjonar og innspel
    Om styringsmodellen

    • Det var litt ulike syn på styringsmodellen:
      • Nokre gav uttrykk for at styringsmodellen var ok.
      • Nokre peika på at Skate si rolle var uklar. Det er behov for tydelegare grenseoppgang mellom rollene til fleire av aktørane. Skate si rolle bør være å gje råd.
      • Nokre peika på at styringsmodellen har mange aktørar. Dette kan opplevast uoversiktleg og det kan sjå ut som om ein må behandle mange saker ei rekkje stader.
    • Det blir viktig at ein ikkje berre prioriterer dei største verksemdene sine behov, men tek i vare behova og interessene til heile offentleg sektor.
    • Fleire meinte at med auka brukarfinansiering kan Digdir kome i dilemma med omsyn til at dei har fleire roller. Mistankar om at myndigheitene prioriterer eigen leverandør kan breie om seg. Vi trur ikkje at slik prioritering kjem til å skje, men mistankane kan gje store negative konsekvensar for tilliten. I fleire andre sektorar har ein skilt ut leverandøren frå direktoratet. Leverandøren som eiga eining med eit eige styre kan gje eit heilt anna handlingsrom og tillit. Digdir vil då og kunne bli eit tydelegare strategisk fokusert direktorat. Det treng offentleg sektor. Dette burde vore omtala i rapporten, og det er uansett viktig at Digdir vurderer dette framover.

    Om uteståande avklaringar knytt til finansiering:

    • Det var ei gjennomgåande tilbakemelding at fleire ynskjer ein ny gjennomgang av konsekvensane av finansieringsmodellen, og at desse bør synleggjerast, slik at verksemdene kan innrette seg etter dei. Fordelingseffektar og verknad må bli synlege.
    • Anbefaler at vi alle er rause når vi går inn i dette, slik at det ikkje blir millimeterdiskusjonar.
    • Det er viktig at dei konkrete modellane vert føreseielege og transparente. Ein må unngå etterrekningar.
    • Ein må og bli transparente om kostnadsbruk og kvalitet. Det blir viktig å halde kostnadane nede.
    • Nokon viste til tidlegare syn om at det ville vore klokt med større sentralfinansiering, men dei tok siste Skate-behandling og anbefalingane i rapporten til etterretning.

    Vedtak

    • Digdir tek med seg innspela frå Skate i arbeidet med operasjonalisering av styring og finansiering for Digdir sine fellesløysingar.

    20/20 Innkrevjing i framtida basert på samanhengande tenester og brukar sine livshendingar – Råd frå Skate

    Skatteetaten/Cecilie Solum, Bente Dahle og Mats Jentoft

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 20-20 Saksframlegg - Fremtidens Innkreving
    • Sak 20-20 Presentasjon - Fremtidens Innkreving

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Skatteetaten (SKE) har dei siste åra teke over innkrevingsoppgåver frå store delar av offentleg sektor, og det er behov for modernisering av IT-porteføljen som i dag består av sju parallelle system. I 2019 gjennomførte dei ei konseptvalutgreiing (KVU) der tre ulike konsept vart vurdert. SKE anbefalte konseptet "Innkreving som del av brukers økosystem" (K3) og har arbeidd vidare med dette i forprosjektfasen. Valt konsept har fokus på digital transformasjon for å sikre effektiv og heilskapleg innkreving, og tek utgangspunkt i samanhengande tenester på tvers av offentleg sektor med brukar i sentrum.

    I planleggingsarbeidet har SKE møtt utfordringar som truleg kan være gjennomgåande i digitaliseringsprosjekt på tvers av verksemder, og der avklaringar av problemstillingane er viktige bidrag til realisering av digitaliseringsstrategien. Formålet med Skate-saka er å få drøfte nokre overordna problemstillingar der SKE ber om innspel frå Skate.

    Oppsummering av refleksjonar og innspel
    Om saka generelt

    • Fin sak og nyttig for Skate å bli kjent med SKE sitt arbeid.
    • Imponert over jobben SKE gjer og korleis dei involverer og forsøker å gjere innkreving relevant for dei mange som dette i større eller noko grad gjeld.
    • Registrerer at den kommunale innkrevjinga ikkje inngår i scopet. SKE bør vurdere som dette burde vært med. Anbefaler en dialog med KS om dette. Skal t.d. livshendinga «Få barn» omfattast, der kommunane har ansvar for innkrevjing av eksempelvis barnehagetenester, så bør KS/kommunal sektor inn i programmet.
    • Fleire uttrykte at dei har hatt ein god dialog med SKE om dette undervegs og ser fram til å fortsetje den. Ein del av problemstillingane SKE tek opp vil vere naturleg å kome tilbake til i den dialogen.
    • Håpar SKE vil kome tilbake i Skate seinare og dele erfaringar dei har gjort seg.

    Om samarbeid og styrings- og finansieringsmekanismar på tvers

    • Eksemplarisk samhandlingsmodell SKE har lagt opp til.
    • Vær tydelege på kven som tek avgjerdene rundt finansiering, slik at det ikkje oppstår usikkerheit.
    • Vær tydelege på kva de forventar av dei ulike aktørane – kven som skal ha ansvar for kva. Dette er viktig for operasjonaliseringa.
    • Nokre trur hybridmodell vil blir for kompleks med så mange aktørar, og anbefaler A eller B. Det vert for komplisert om SKE skal halde oversikt, kutte på tvers mv.
    • Nokre hadde positive erfaringar med ein modell som var litt på hybridsida, med noko belastningsfullmakter. Dette var likevel langt enklare enn SKE sitt prosjekt, så forstår alternative syn.
    • Det finnes fleire eksempel på program kor det er ein eigar med andre verksemder under ulike fagdepartement som bidrar, for eksempel DIGI-UNG. Hent inn erfaringar frå slike program. Sjå og til innspela vi har gitt tidlegare i dag i statsrådsaka. Det gjeld både samordna styring frå fleire departement og realisering av gevinstar hos andre enn dei som investerer.
    • Vurder om de kan søkje medfinansiering på delprosjekt for å komme i gang.
    • Regelverksutfordringane er dei same som Skate bør arbeide med framover – tverrgåande regelverksutfordringar. Ta med erfaringar derfrå og hent råd frå Digdir sitt ressurssenter.

    Om manglande juridisk handlingsrom for samanhengande tenester og datadeling

    • Dei tverrgåande regelverksutfordringane er dei same som Skate bør arbeide med framover. Ta med erfaringar frå slike saker i både Skate og Skates arbeidsutval.
    • Hent råd frå Digdir sitt ressurssenter for deling av data. Dei arbeider med liknande problemstillingar.
    • Sjå og på innspela om regelverksutfordringar gitt i statsrådsaka tidlegare i dag.

    Vedtak

    • Skatteetaten tek innspela frå Skate med i det vidare arbeidet.

    21/20 Det samla arbeidet med livshendingar

    Digitaliseringsdirektoratet/Grete Orderud

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 21-20 Saksframlegg - Det samlede arbeidet med livshendelser
    • Sak 21-20 Vedlegg - Digitaliseringsdirektoratets arbeid med sammenhengende tjenester for livshendelser

    Presentasjon vist i møtet og som følgjer referatet

    • Sak 21-20 Presentasjon - Det samlede arbeidet med livshendelser

    Saka gjeld - Behandlingssak
    I digitaliseringsstrategien frå regjeringa og KS vert det peika på sju livshendingar der det skal lagast samanhengande tenester. Eigarskap er plassert hos ulike statsrådar/departement og ulike direktorat leiar arbeidet med å realisere dei samanhengande tenestene.

    Digdir støttar departementa og underliggjande verksemder i arbeidet. Direktoratet skal styrke offentleg sektor si evne til å levere samanhengande tenester gjennom blant annet metodeutvikling, erfaringsutveksling, rådgjeving og vidareutvikling av felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling.

    Formålet med denne Skate-saka er å orientere Skate om arbeidet med samanhengande tenester, hente inn råd frå Skate og engasjere Skate og Skate-verksemdene til å aktivt medverke til at arbeidet med samanhengande tenester lukkast.

    Oppsummering av refleksjonar og innspel
    Om saka generelt

    • God sak og fin presentasjon.
    • Sjå og på innspela gitt i statsrådsaka tidlegare i dag både om regelverksutfordringar på tvers, samordna styring og finansiering.

    Korleis lykkast med samarbeid og samordna styring på tvers av sektorar om livshendingane

    • Faneberarane for livshendendingane må stå frem. Målbildet må haldast oppe slik at alle ser kvar vi skal. Bildet må bli tydelegare og fana må haldast oppe undervegs.
    • Å dele i fellesskap kva som er god praksis vil være nyttig.
    • Må få til ein meir systematisert dialog mellom aktørane og gjennomføre felles kartlegging av samanhengane.
    • Det handlar om å gje frå seg makt. Dei hovudansvarlege må sjå på bidragsytarane som medspelarar og finne løysingar saman.
    • Avklar om ein arbeider med livshendingar eller tverrgåande samanhengande tenester. Ei livshending kan inngå i fleire samanhengande tenester og ei livshending vil som oftast ha fleire samanhengande deltenester.
    • Viktig å merke seg at livshendingane er veldig forskjellige i kompleksitet. Same framgangsmåte passar ikkje alt. Viktig å tenkje over kva som er likt og kva som kan være forskjellig.
    • Ha brukarfokus og små leveransar som vert evaluert undervegs, og ikkje for store utgreiingar. Støtter MVP-tilnærming.
    • Lovreguleringa rundt deling av fødselsnummer med private verksemder gjev utfordringar ein må finne ei løysing på.
    • Foreslår at Digdir lagar ein «best-practice»-modell for finansiering, styring og regelverksarbeid.
    • Digdir bør samle kvantitativ og kvalitativ innsikt om livshendingsområdet.

    Kva Digdir og Skate kan gjere for å få livshendingane til å byggje på felles økosystem

    • Få tydeleggjort behova i dei samanhengande tenestene.
    • Få større trykk på informasjonsforvaltning i verksemdene. Det har i dag for lite fokus hos mange av dei som arbeider med samanhengande tenester. Eventuelt evaluer arbeidet.
    • Kva vi legg vi i omgrepet økosystem og korleis økosystemet skal henge saman med resten blir viktige avklaringar framover. Økosystemet er grunnmuren for livshendingane, og der er det ulike forståingar av kva økosystemet er.
    • Viktig å identifisere synergiar og behov for nye løysingar. Kan skje undervegs ved å dele informasjon om arbeidet med livshendingane.
    • Det kan kanskje etablerast ei arkitekturgruppe som skal følge opp dette spesielt.
    • Viktig at økosystemet og har fokus på data for analyseformål og ikkje berre til bruk i tenestene.

    Vedtak

    • Digdir tek med seg Skate sine innspel i denne saka og i statsrådsaka (17/20) i det vidare arbeidet.

    22/20 Skate sin møteplan 2021 og saksliste neste halvår

    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 22-20 Saksframlegg - Skates møteplan 2021 og saksliste neste halvår
    • Sak 22-20 Vedlegg - Foreløpig program Skates topplederseminar 10.2.2021

    Saka gjeld - Behandlingssak
    I samsvar med gjeldande prosedyrar skal no Skate sine møter for 2021 formelt fastsetjast og saksplan for våren 2021 setjast opp. Skate sitt arbeidsutval (AU) har gitt sitt forslag om strategiske saker til Digdir sin direktør. Dette er eit sentralt grunnlag for denne saka.

    Oppsummering av refleksjonar og innspel

    • Skates toppleiarseminar ser ut til å bli ein fin arena for å markedsføre arbeidet med livshendingar, slik det vart etterlyst i førre sak.
    • Støttar at eventuell sak frå KoId vert prioritert i junimøtet.
    • KS har jamlege møter med KMD og andre departement med tema som kan være interessante for Skate. KS kan når det er aktuelt orientere om slike saker i Skate.

    Vedtak

    • Skate sluttar seg til Digdir sitt forslag til
      • møteplan for Skate i 2021
      • plan for Skate sitt toppleiarseminar
      • saksplan for Skate vårhalvåret 2021
      • ønska møtetidspunkt med digitaliseringsministeren
      • innretning og prosess for utarbeiding av Skate sin erfaringsrapport for 2020.

    Skatesekretariatet, Microsoft Teams.

    Møtet vart avslutta kl. 12:09.