Skate-møte 14. oktober 2020 – referat

På agendaen stod stortingsmelding om datadrevet økonomi og innovasjon, organisering, styring og finansiering av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar, ny digitaliseringsstrategi for universiteta og høgskulane og samansetninga av Skate frå 1.1.2021.

Møtestad: Digitalt møte i Microsoft Teams
Møtetid: 08:30–11:30

Deltaking

Medlemmar av Skate

  • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
  • Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
  • Christine Bergland, Direktoratet for e-helse (eHelse)
  • Jørn Leonhardsen, Skatteetaten (SKE)
  • Johnny Welle, Statens kartverk (Kartverket)
  • Kristin Weidemann Wieland, KS
  • Svein Lyngroth, Oslo Kommune
  • Jonas Slørdal Skjærpe, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
  • Lars Petter Flåtten, Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)
  • Inga Bolstad, Arkivverket
  • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

Observatør

  • Katarina de Brisis, Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)

Bisitjarar

  • Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
  • Norunn Saure, eHelse
  • Arnt Kristiansen, Brreg
  • Olav Petter Aarrestad, Kartverket
  • Ingunn Cowan, Lånekassen
  • Håkon Røstad, NAV
  • Inger-Mari Ouren, SKE
  • Annette Furset, Unit
  • Thomas Rigvår, Oslo kommune
  • Knut Bjørgaas, Digdir

Sekretariat

  • Jan Sørgård, Digdir
  • Silje Johansen, Digdir

Deltaking på saker

  • Janicke Weum, KMD, sak 13/20
  • Tale Skjølsvik, OsloMet, sak 15/20

Saksliste

Faste saker

  • Godkjenning agenda
  • Godkjenning av referat førre møte
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

Saker til behandling

  • 13/20 Stortingsmelding om datadrevet økonomi og innovasjon - Råd frå Skate
    KMD/Janicke Weum
  • 14/20 Organisering, styring og finansiering av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar
    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
  • 15/20 Ny digitaliseringsstrategi for universiteta og høgskulane – korleis understøtte offentlege verksemder sine behov for kompetanse og ferdigheiter?
    Unit/Roar Olsen
  • 16/20 Samansetninga av Skate frå 1.1.2021 - Innspel frå Skate
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

Orienteringssaker

Eventuelt

Faste saker

Godkjenning av agenda

Agendaen vart godkjent.

Godkjenning av referat frå Skate-møte 17.06.2020

Referatet vart godkjent.

Saker til behandling

13/20 Stortingsmelding om datadriven økonomi og innovasjon - Råd frå Skate

KMD/Janicke Weum

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 13-20 Saksframlegg - Stortingsmelding om datadrevet økonomi og innovasjon
  • Sak 13-20 Vedlegg 1 - Forslag til prinsipper for deling og bruk av data
  • Vedlegg 2 Forslag om å utrede (NOU) nytt regelverk for viderebruk

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 13-20 Presentasjon Datadrevet økonomi

Saka gjeld - Behandlingssak
Framveksten av ein datadriven økonomi opnar for store innovasjonsmoglegheiter, auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i Noreg, gitt at rammevilkåra er til stades. KMD arbeider no med ei stortings-melding om datadriven økonomi og innovasjon. Meldinga skal ha eit tydeleg verdiskapingsperspektiv, og adressere næringslivet sine moglegheiter og utfordringar. Formålet med meldinga er å leggje fram regjeringa sin politikk for korleis Noreg aktivt skal utnytte moglegheitene som ligger i data som ressurs til auka verdiskaping, fleire lønsame arbeidsplassar og ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor, og bevare tilliten i samfunnet.

Meldinga skal etter planen leggjast fram for Stortinget i begynninga av 2021. Det har vore gjennomført ein brei innspelsprosess til no. I lys av formål, ambisjon og mål for Stortingsmeldinga ønskjer KMD no også råd og innspel frå Skate.

Oppsummering av refleksjonar og innspel
Om KMD sitt utkast til prinsipp for deling og bruk av data (Vedlegg 1 i sakspapira)

  • Mange gav tilslutning til KMDs utkast og gav uttrykk for at prinsippa var gode. Ingen gav uttrykk for noko anna.
  • Fleire peike på at det er viktig at prinsippa blir utfylt med gode konkret tiltak slik at det ikkje berre vert gode intensjonar.
  • I oppfølginga av prinsipp 3 så bør regjeringa og andre sjå på kva rolle og moglegheiter offentleg sektor kan ha som tilretteleggjar av data for verdiskaping i næringslivet.

Om forslaget om NOU om nytt regelverk om vidarebruk av offentlege data inkl. plikt til tilgjengeleggjering av visse offentlege data (Vedlegg 2 i sakspapira)

  • Fleira gav uttrykk for støtte til ein NOU.
  • Arkivverket viste til arbeidet med ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiv. Det er gitt innspel på at den breitt skal dekke området samfunnsdokumentasjon, med m.a. regulering av offentlege data frå det tidspunkt dei oppstår. Behovet for NOU som KMD vurderer må sjåast i samanheng med dette. Vi bør unngå å få to konkurrerande lovverk.

Om meldinga elles

  • Mange gav uttrykk for at dette er ei viktig melding.
  • Fleire understreka at behova i næringslivet bør være styrande for prioriteringar.
    • Det er dårleg kost-nytte å dele data det ikkje er behov for og som ikkje vert brukt
    • Å dele alt er omfattande og krevjande.
    • Dei konkrete behova til næringslivet må kome tydelegare fram i delingsarbeidet.
    • Ein bør samle aktørar i segment-samarbeid innan sektorar, for eksempel transport, havbruk og kommunikasjon, for å definere behova og finne løysingar.
  • Ein må leggje vekt på samarbeid offentleg-privat for å ta ut gevinstane, slik det t.d. alt er gjort i DSOP-arbeidet. Samtidig krev dette både endringar og styrking av forvaltninga for å få til ordentleg.
  • Sjølv om Noreg er komen langt på dette området så kan vi framleis sjå til andre land for å lære meir.
  • Ein bør i eigna styringsdokument vurdere å formålsfeste tilrettelegging som også går utover den einskilde offentlege verksemd si samfunnsoppgåve.
  • Å dele data frå tenester vi leverer bør være ein del av tenestene. Næringslivet må vurdere nytten. Ein første iterasjon kan være at ein identifiserer og fokuserer på å dele data knytt til livshendingane det no vert arbeidd med i oppfølginga av digitaliseringsstrategien.
  • Ein må være merksam på at det oppstår risikoar dersom næringslivet blir avhengig av data knytt til dei offentlege tenestene, jf. behov det offentlege kan ha for å endre tenestene. Det kan være behov for meir retningslinjer, rettleiingar, standardar og eksempel rundt dette som sikrar stabilitet og einsarta måtar å dele data på.
  • Fleire peika på at det er næringslivet som vil ha dei største gevinstane, men at ein og må sjå etter gevinstar for offentleg sektor. Det er viktig at vi ikkje berre får ein G2B-strategi (government to business) men ein G2B2G-strategi.
  • Fleire peika på bruken av kunstig intelligens som det største potensialet.
  • Privat sektor har ikkje alltid vore villige til å dele data mellom kvarandre. På nokre område kan dette synes å være i endring, men det er noko ein må ha merksemd på.
  • Underlagsrapporten om status i kommunesektoren er viktig. Det bør løftast i meldinga at det er kommunane som leverer dei fleste tenestene til innbyggjarane samtidig som kommunane sine data blir låst inne i fagsystem frå ulike leverandørar som er lite villige til å leggje til rette for deling. Det vert opplevd som om leverandørane ynskjer innlåsing. Denne utfordringa og korleis det kan løysast bør adresserast i meldinga.
  • Vi står overfor juridiske utfordringar der fleire tiltak bør vurderast:
    • Tenkje heilt nytt når det gjeld beskriving av formål med databehandlinga i delingsprosessar.
    • Opplæringspakke/nettkurs for juristar om korleis ein kan leggje til rette for deling av data, for eksempel utarbeidd i eit samarbeid mellom Digdirs ressurssenter og juridisk fakultet ved UIO.
    • Eit forskingsprosjekt som ser på handlingsrommet for deling av persondata samtidig som personvernet blir ivareteke.
  • Det er viktig å leggje til rette for innovasjon, bl.a. ved å
    • skape moglegheiter for å lage gode plattformer for innovasjon
    • få til eit syntetisk test-Norge som innovasjonsplattformer kan nytte.
  • For å lykkast er det viktig å sjå på kva grep offentlege verksemder bør ta innan eiga organisering. Nokre har oppretta større einingar for informasjonsforvaltning, mens andre synes å berre ha einskildpersonar eller nokre få - dersom det i det heile har eit fokus i verksemdleiinga.
  • Der det er skilnader mellom EUs føringar og Digital agenda bør ein justere seg i samsvar med EU-føringane.
  • Kartverket viste til at regjeringa har eit ambisiøst krav om at Kartverket skal leie ann på geodataområdet. Trenden går no på at Kartverket går frå å være produsent av data til å leggje til rette for ei delingsplattform som i framtida vil bli ein digital tvilling til samfunnet.
  • Fleire viste til meir konkrete innspel deira verksemd har gitt tidlegare i prosessen eller ville spele inn etter Skate-møtet.

Vedtak

  • Skate oppfordrar KMD til å ta med seg råda frå Skate i det vidare arbeidet med stortingsmeldinga om datadriven økonomi og innovasjon.

14/20 Organisering, styring og finansiering av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar

Digdir/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 14-20 Saksframlegg OrgStyrFin – Digdirs fellesløsninger
  • Sak 14-20 Vedlegg 1 Styring og finansiering
  • Sak 14-20 Vedlegg 2 Utkast roller og ansvar for styring Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
  • Sak 14-20 Presentasjon OrgStyrFin

Saka gjeld - Behandlingssak
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) la fram status i arbeidet med organisering, styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar. Dette er eit oppdrag i Digdir sitt tildelingsbrev.

Digdir har no utarbeidd alternative finansieringsmodellar som grunnlag for forankring og innspel i Skate. I tillegg til nullalternativet er det skissert fem alternativ. Det er og gjort ei foreløpig vurdering av desse.

Digdir har og lage eit utkast til ei rolle- og ansvarsmatrise i styringa av Digdir sine fellesløysingar. Det er her lagt vekt på å finne god balanse mellom

  • Linjestyring og sektoransvar
  • Heilskapleg strategisk styring
  • Reell brukarmedverknad i forvaltninga av fellesløysingane

Oppsummering av refleksjonar og innspel
Om finansiering

  • Fleire gav uttrykk for at dette er ei stor og viktig sak og at det er fint å sjå at modellane blir meir tydelege jo lenger inn i saka vi kjem.
  • Det var ulike syn på foreløpig anbefalt modell:
  • Eit fleirtal i Skate uttrykte støtte til Digdir sitt foreløpig anbefalte alternativ 3 – Sentral- og tenesteigarfinansiering vert balansert
    • Støttar Digdir sine argument om dei ulike alternativa.
    • Dersom ein blir for avhengig av tunge statsbudsjettprosessar vert tempoet i utviklinga hemma.
    • Det er ikkje realistisk å tru at ein får vesentleg meir enn no i sentralfinansiering. Alternativet er rammekutt på verksemdene, men det er vanskeleg å få til og tungrodd ved endringsbehov.
    • Det er lettare å bli einige om finansieringsspørsmål på verksemdnivå og i gode styringsstrukturar som vi sjølv er ansvarlege for og som kan utviklast vidare.
    • Fleire uttrykt at dei meiner at større nye satsingar bør være finansiert sentralt, men at bruken av fellesløysingar i stor grad kan være finansiert av tenesteeigarane.
  • Fleire meinte at alternativ 1 – Alle produkt vert sentralfinansiert – burde tilrådast som primæralternativ
    • Vi treng ein finansieringsmodell som stimulerer til auka bruk av fellesløysingar og som på best måte understøtter ønska tempo i digitaliseringa
      • Digdir si foreløpige anbefaling er ikkje godt nok grunngjeve opp mot desse to måla. Forslaget er for mykje fokusert på utfordringar ved å få auka sentralfinansiering og ikkje på kva som gjev auka bruk og høgt tempo.
      • Diskusjonen burde dreie seg om korleis vi på sikt skal styrke det digitale utviklingstempoet i Noreg. Forstår at det er krevjande å få sentral-finansiering, men Digdir bør utfordre dette med vekt på kva som skal til for å sikre rask utvikling av økosystemet og digitaliseringa i det offentlege.
    • Er redd det blir mykje eigenutvikling hos større tenesteeigar dersom vi legg opp til tunge prosesser og for stor grad av tenesteeigarfinansiering knytt til bruk. Då blir fellesløysingar fort for dyre for resten.
    • Ei mellomløysing kan være sterk sentralfinansiering av nye produkt og meir tenesteeigarfinansiering av modne produkt eller der ein veit det er marknadspotensiale og betalingsvilje.
  • KS peika generelt på at kommunane som er politisk styrte opplever at det er vanskeleg å finne rom for digital infrastruktur. Kommunane har også alt fått rammekutt for å finansiere løysingar i helsesektoren og det har vore veldig krevjande.
  • Fleire peika på at tenesteeigarfinansiering krev
    • føreseielege kostnader som vert opplevd som rettvise
    • stor grad av transparens om korleis kostnader oppstår – ikkje drive kryss-subsidiering
    • kjensle av at ein har nytte av fellesløysingane ein betaler for
    • innverknad i avgjerdsprosessane - ikkje berre involvering gjennom møter av og til
    • kompensasjonsordning for større eingongseffektar
    • at det vert synleggjort og utfordra dersom nokon vil lage eigne løysingar i staden for å understøtte og bruke fellesløysingar
    • at det vert sett av nok ressursar i Digdir til forvaltning og tilstrekkeleg involvering. Dette er ressurskrevjande.

Om styring

  • Tabellen i vedlegg 2 vart vel kompleks. Foreslår at Digdir løfter den opp et nivå slik at den blir meir overordna.
  • Det er viktig å få fram rollene innan det strategiske, porteføljestyring, arkitekturstyring på tvers av fellesløysingane og produktutviklingsplanar
  • Delen om brukarmedverknad er god. Heile Digdir-porteføljen må sjåast under eitt og ikkje delt som i dag. Brukargruppene bør komme inn i ein meir formalisert struktur. Det bør også søkjast å få involvering frå sluttbrukarar.
  • Det er viktig med sterk brukarmedverknad for å få gode innspel om nyutvikling og ny funksjonalitet, uavhengig av kva finansieringsmodell som vert valt.
  • Potensielle endringar som får produksjonsmessige konsekvensar for tenesteeigarane må behandlast i styringsrådet, og prosessen må gje god tid til intern forankring i verksemdene.
  • Anbefaler at det i operasjonaliseringa vert laga eit årshjul med tilhøyrande prosessar. Det bør ikkje være for detaljert, men på overordna nivå tilpassa leiarar.

Om prosessen vidare

  • Digdir stiller på 1:1 innspelsmøter også vidare dersom nokon i Skate ber om det.
  • Digdir vil levere utgreiing til KMD medio november.
  • Saka vert teken opp på neste Skate-møte for å orientere om leveransen til KMD og få innspel knytt til videre behandling og framtidig implementering av modellane.

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet tek med seg innspela frå Skate i det videre arbeidet med modeller for organisering, styring og finansiering av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar.

15/20 Ny digitaliseringsstrategi for universiteta og høgskulane – korleis understøtte offentlege verksemder sine behov for kompetanse og ferdigheiter?

Unit/Roar Olsen og Tale Skjølvik (OsloMet)

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 15-20 Saksframlegg - Ny digitaliseringsstrategi universitetene og høyskolene
  • Vedlegg - Utfyllende informasjon - Ny digitaliseringsstrategi universitetene og høyskolene

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 15-20 Presentasjon UH-strategi

Saka gjeld – Behandlingssak
Unit har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å leie arbeidet med å lage ein ny digitaliserings-strategi for universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren). Behovet for digital kompetanse, korleis sikre fleksibilitet for livslang læring, dimensjonering av studietilbod, samt forskingsinnsats på viktige områder som grønt skifte, stordata og kunstig intelligens, er eksempel på tema som skal vurderast. Strategien skal dekke bredda i UH-institusjonane sitt arbeid, det vil seie forsking, utdanning, formidling og innovasjon.

Unit ynskjer å få innspel og tilbakemeldingar frå Skate om

  • på kva måte digitaliseringsstrategien i UH-sektoren kan bidra til at offentlege verksemder i framtida får tilgang til den kompetanse og dei ferdigheiter dei har behov for – spesielt når det gjeld digital kompetanse
  • kva synspunkt Skate-direktørane har til dei seks strategiske temaområda som så langt i prosessen er kandidatar til å bli løftet ekstra frem i strategien?

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Mange gav uttrykk for at dette er eit viktig og spanande strategiarbeid og at det var bra det vart teke opp i Skate
  • Det vart gjennomgåande gitt støtte til dei seks strategiske temaområda som var skissert
  • Fleire peika på at dei kjente igjen innspel dei hadde gitt tidlegare i prosessen og synes det var bra.
  • Det kan synes opplagt å være opptatt av brukarane sine behov slik de viser til innleiingsvis, men det er likevel viktig å ha med seg som eit viktig førande prinsipp i utviklinga av strategien
  • Spesielt viktig å ta fatt i dei moglegheiter digitalisering gir. Ein må
    • utnytte potensialet i nye læringsplattformer for ein interaktiv dialog i samarbeidet mellom lærar/student og maskin som fremmar at ein når læringsmåla
    • ta i bruk kunstig intelligens
    • sikre at studentane på både heiltid og deltid får god oppfølging
    • leggje til rette for at studentane kan kombinere fleire fagområde og få ein meir holistisk kompetanse
    • sikre digital kompetanse i alle fag. Det er det grunnleggande samspelet mellom teknologi og fag dei må lære seg - ikkje nødvendigvis spesiell verktøykompetanse
    • styrke forsking – også innan offentleg sektor sine utfordringar og behov
  • For offentlege verksemder er ikkje det viktigaste å få unge med master til å ta fleire kurs, men å motivere og gje dei med lengre erfaring moglegheiter til å tileigne seg meir kunnskap.
    • Ein treng kortare kurs som møter behova innan digital transformasjon
    • X år med erfaring bør være tilstrekkeleg kvalifikasjonsgrunnlag for å delta
    • Det er viktig med brukarinnsikt om kva læringsformer som fungerer best for slike målgrupper
    • Ein må og ta omsyn til at Noreg er eit langt land med store geografiske avstandar. Kompetansebehova finns over heile landet. Den utfordringa må møtast.
  • I Digital Europe Program (DEP) er det eit eige satsingsområde som heiter avanserte digitale ferdigheiter. UH-strategien bør ha ei klar kopling til denne satsinga som Noreg skal være ein del av.
  • Har positive erfaringar med at UH-verksemder rundt om i landet er fleksible og kan tilpasse seg endra kompetansebehov lokalt på både kort og lengre sikt. Det bør leggjast vekt på også vidare.
  • Veldig positivt at de set fokus på organisasjonsutvikling, leiing og kulturendring i strategien. Fokuserer ein berre på digitale teknologar vil ein ikkje lykkast.
  • Det er mange nasjonale og internasjonale strategiar innan digitalisering. Anbefaler at de tydeleg viser korleis UH-strategien er kopla inn mot andre strategiar
  • Strategiarbeidet i UH-sektoren bør sjåast i samanheng med KMD sitt planlagde arbeid med strategi for digital kompetanse i offentleg sektor
  • NAV trekte fram den rolla dei har i arbeidslivsmarknaden og peika på at det her er mange moglege synergiar med UH-sektoren, m.a. innan deling av data, livslang læring, kva endringar som er knytt til ulike stillingar og forsking på arbeidslivsmarknaden. NAV ynskjer ein dialog framover om dette.

Vedtak

  • Unit tek med seg innspela frå Skate i det videre arbeidet med ny digitaliseringsstrategi for universiteta og høgskulene.


16/20 Samansetninga av Skate frå 1.1.2021 - Innspel frå Skate

Digdir/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 16-20 Saksframlegg - Sammensetning av Skate fra 1.1.2021 - Innspill fra Skate
  • Sak 16-20 Vedlegg - Notat Foreløpig vurdering - Sammensetning Skate fra 2021

Saka gjeld - Behandlingssak
Skate skal i samsvar med mandatet være sett samen av toppleiarar frå offentlege verksemder. Dei som er medlemmar no vart oppnemnt av KMD for perioden 1.1.2018-31.12.2020. Det betyr at det gjennom hausthalvåret 2020 må gjennomførast ein prosess frem mot ny oppnemning frå 1.1.2021.

Som ein del av denne prosessen skal Skate gi innspel. Innspel skal deretter også hentast inn frå departementa før Digitaliseringsdirektoratet gir sitt endelege forslag til KMD som tek avgjerda om ny samansetjing av Skate. Digitaliseringsdirektoratet har i sakspapira til Skate gjennomført ei foreløpig vurdering som er foreslått brukt som grunnlag i denne saka om innspel frå Skate.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Mange gav uttrykk for at dei støtta rulleringsprinsippet
  • Lånekassen uttrykte at dei respekterte rulleringsordninga. Samtidig var dei veldig motiverte for å fortsetje i Skate. Lånekassen er også innbyggarar sitt første møte med det digitale offentlege Noreg. Alle møter Lånekassen når dei er 15 år gamle. Lånekassen har ei viktig rolle som ambassadør for at dei unge sitt første møte med offentleg forvaltning skal opplevast som effektivt og positivt.
  • Det var gjennomgåande støtte til at representasjonen frå kommunesektoren blir utvida med ein representant
  • Nokre meinte at ein burde vektlegge nye medlemmar som var sentrale i dei samanhengande tenestene.
  • Følgjande aktørar vart trekt fram som potensielle nye medlemmer av Skate:
    • Mange meinte at SSB burde komme inn igjen i Skate. Dei er sentrale både for det mange arbeider med og i arbeidet med datadriven økonomi.
    • Mange meinte at nokon frå justis eller forsvarssektoren burde inn. Følgjande vart nemnd som kandidatar: UDI, Domstolane, Forsvarsmateriell, NSM og DSB
    • Fleire meinte at det var gode argumenter for at DFØ kom inn i Skate.
    • KS peika på at for kommunesektoren er Arkivverket og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) viktige og ønskelege i Skate. DiBK er også sentrale for næringslivet.
  • Alle var einige om at bisitjarane i framtida berre skal følgje Skate-møta digitalt. Då kan Skate utvidast med litt fleire enn i dag utan at det vert for mange deltakarar i møta.

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet vert bedd om å ta med seg innspela frå Skate i dei endelege vurderingane fram mot forslag til KMD om ny samansetjing av Skate frå 1.1.2021
  • Bisitjarane skal i framtida berre følgje Skate-møta digitalt. Då kan Skate utvidast med litt fleire enn i dag utan at det vert for mange deltakarar i møta.


Orienteringssaker

  • Digitaliseringsdirektoratet orienterte kort om
    • hendinga i ID-porten 1.10.20 og oppfølgingsarbeidet
    • regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021 med hovudvekt på Altinn, Datafabrikken og Digital Europe Programme (DEP)
    • at Digitaliseringsdirektoratet med støtte frå ressurspersonar i fleire andre verksemder no har laga ein rettleiar for roller og ansvar ved deling av opplysningar.
  • Ei rekkje av Skate-direktørane signaliserte at deira verksemd ynskjer å bli involvert i samarbeidet mellom Digital Norway og Digitaliseringsdirektoratet om Datafabrikken. Digitaliseringsdirektoratet merka seg dette til det vidare planleggingsarbeidet.

Eventuelt

  • NAV hadde høyrt noko om ei utgreiing om nasjonal sky som skulle være forankra i Justisdepartementet. Dei reiste spørsmål om det var kjent av andre.
    • Ingen kjente til dette
    • Digdir vart oppfordra til å vidaresende eventuell informasjon dei mottek om dette.

Skatesekretariatet, Microsoft Teams.

Møtet vart avslutta kl. 11:22.