Skate – eit toppleiarforum

Skate er eit toppleiarforum leia av Digitaliseringsdirektoratet. Skate er understøtta av eit arbeidsutval.

Skate er eit akronym for Styring og Koordinering Av Tenester i E-forvaltning.

Organisering

Skate består av direktørane i elleve statlege verksemder og tre toppleiarrepresentantar frå kommunesektoren. Medlemmane i Skate er oppnemnde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i samråd med KS for kommunerepresentantane. Siste oppnemning skjedde 1.1.2021 og gjeld for tre år.

Skate er leia av direktøren i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Skate skal i utgangspunktet ha fire møte i året, til vanleg eitt i kvart kvartal. I tillegg kan det gjennomførast ekstraordinære møter og fagdagar.

Skate møter digitaliseringsministeren to gonger i året. Møta vert nytta til at Skate formidlar innspel til utvikling av politikk på digitaliseringsområdet.

To gonger årleg set Skate opp ein hovudplan over kva saker som skal handsamast neste halvår. Digdir sin direktør set opp endeleg agenda for møta.

Skate-verksemdene

  • Digitaliseringsdirektoratet
  • Arkivverket
  • Brønnøysundregistrene
  • Direktoratet for byggkvalitet
  • Direktoratet for e-helse
  • Halden kommune
  • Kartverket
  • KS
  • Nav
  • Oslo kommune
  • Politidirektoratet
  • Skattedirektoratet
  • Statistisk sentralbyrå
  • Unit - Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning

Skate sitt arbeidsutval (AU)

Skate blir understøtta av eit arbeidsutval med representantar frå Skate-verksemdene.

Skatesekretariatet

Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for Skatesekretariatet, som er kontaktpunktet inn mot Skate.