Hopp til hovudinnhald

Satsingsforslag for store IKT-prosjekt

Store IKT-prosjekt som krev stor ressursinnsats over tid, kan finansierast gjennom eigne satsingsforslag.

Verksemda sender eit satsingsforslag for behandling som særskilt løyving til eige departement. Dette vert gjerne gjort etter samtalar med departementet.

Eit satsingsforslag er ein omfattande og tidkrevjande prosess, og er mest aktuelt for prosjekt som krev stor ressursinnsats over tid. Små og mellomstore prosjekt bør sjå på andre finansieringsmåtar.

Nye terskelverdiar for KS-ordninga frå 2019

Prosjekt som er med i kvalitetssikringsordninga (KS-ordninga), det vil seie prosjekt med ei kostnadsramme på meir enn 300 MNOK, er ikkje beskrivne her.

KS-ordninga blei revidert hausten 2019. Ei viktig endring er nye terskelverdiar for digitaliseringsprosjekt. Terskelverdien for digitaliseringsprosjekt er nå 300 millioner kroner. Eit digitaliseringsprosjekt er eit utviklingsprosjekt eller endringsprosjekt der IKT utgjer ein sentral del. Dei nye terskelverdiane inneber at fleire digitaliseringsprosjekt vil bli omfatta av krava. Endringen blir utført for å styrke oppfølginga på eit område som er viktig for utvikling av offentleg sektor.

På IKT-området vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) satsingsforslaga frå dei andre fagdepartementa og gir ei utsegn til Finansdepartementet (FIN) i budsjettprosessen.

Når fagdepartementet sender IKT-relaterte budsjettforslag til FIN, skal det også sendast ein kopi til KMD.

I vurderinga av satsingsforslaga vil KMD legge vekt på forenkling og forbetring av offentlege tenester, effektivisering av offentleg sektor og kor godt forslaget er greidd ut.

Lang prosess frå forslag til løyving

Ei tidslinje for finansiering gjennom satsingsforslag kan gjerne sjå slik ut:

  • År 1
    Forslaget vert utarbeidd og sendt til eige departement normalt innan utgangen av oktober, fristen vert fastsett av eige departement. (Høyr med departementet kva fristar som gjeld)
  • År 2
    Forslaget vert behandla i budsjettrundane i regjeringa. Endeleg avgjerd vert gjort i den siste budsjettkonferansen til regjeringa før statsbudsjettet vert lagt fram for Stortinget i oktober.
  • År 3
    Så framt Stortinget vedtar det foreslåtte satsingsforslaget i budsjettbehandlinga, kan forslaget settast ut i livet.