NOKIOS er ein årleg møteplass for alle som arbeider med digitalisering av offentleg sektor. Årets tema:«Kledd for digitalt uvêr».
Konferansen samlar forvaltninga, brukarar, leverandørar, forskingsmiljø og politikarar til tre dagar med kurs, fagleg program og utstilling.
Som før byr det faglege programmet på både workshops, presentasjonar og panelsamtalar om tema som er relevante for aktørar som vil bidra til betre og meir effektive offentlege tenester gjennom god bruk av IKT.
Er du kledd for digitalt uvêr?
Temaet handlar om å vere budd på ei uføreseieleg verd, mellom anna krigen i Ukraina og situasjonen i Midtausten, og om at mange digitale løysingar i dag er avhengige av amerikansk-kontrollert infrastruktur. Konferansen tek også opp korleis generativ kunstig intelligens gir rask utvikling, men samtidig kan utfordre kvalitetssikring og tillit til digitale tenester.
NTNU og Digdir står bak konferansen som i år vert arrangert for 20. gong.