Hopp til hovudinnhald

Korleis etablere porteføljestyring

Porteføljestyring kan implementerast stegvis, og vil vere ei endringsreise for alle involverte.

Forankring hos verksemdsleiinga

Di leiing må ha tatt den innleiande avgjerda om å sette i gang. Dei skal leie prosjektaktivitetane for verksemda på ein ny måte når porteføljestyring blir innført. Dette vil utfordre leiinga, den noverande organiseringa og dei lokale avgjerdsprosessane. Det kan vera lurt å sikra at verksemda di er klar for ei slik endring. God forankring i den øvste leiinga for verksemda er ein føresetnad for å lykkast.

Må bygge på ein prosjektmodell

Om verksemda di ikkje gjennomfører prosjekt etter ein bestemt prosjektmodell kan de ta utgangspunkt i Prosjektveiviseren. Den valde prosjektmodellen må implementerast i heile verksemda. Det er ikkje uvanleg å innføre både prosjektmodell og porteføljestyring på same tid. Digdir bidrar med råd og rettleiing om det er ønskeleg.

Vêr merksam på at innføring av porteføljestyring er ein organisatorisk endringsprosess. Undervurder ikkje behovet for eit kompetanseløft i organisasjonen. Innføring av porteføljestyring fører med seg endring i arbeidsforma både for leiarar og medarbeidarar.

Stegvis prosess for innføring av porteføljestyring

Denne stegvise prosessen er retta mot deg som har fått ansvaret for å etablere prosjektporteføljestyring i verksemda. Rettleiinga skal fungere som inspirasjon og hjelp til å komme i gang, men det er viktig at du tilpassar prosessen til behova i organisasjonen din.

Før du går i gang bør du etablere ei prosjektgruppe som minimum består av dei som skal driva porteføljestyringa etter at prosjektet er avslutta. Vi har i skildringa av desse stega late oss inspirere av Kombit i Danmark.

Dei fire stega

Steg 1: Sett fokus på dei innleiande avgjerdsprosessane.

Steg 2: Fokuser på datainnhenting og første porteføljeoverblikk.

Steg 3: Fokuser på innhald og struktur på porteføljemøta.

Steg 4: Vurder neste steg for å få ein meir effektiv prosjektorganisasjon.

Kontakt

Sammenhengende tjenester