Digitaliseringstiltak i offentleg sektor
Her finn du ei oversikt over offentlege digitaliseringstiltak. Vi har ein del overordna informasjon om tiltaka, samt kva som kjenneteikner dei.
Digdir har laga ei oversikt over digitaliseringstiltak i offentleg sektor. Den baserer seg på informasjon som departementa og andre offentlege verksemder har gjort tilgjengeleg, samt anna offentleg tilgjengeleg informasjon. Det er førebels vesentlege manglar ved dette datagrunnlaget, noko som er viktig å ha med når ein tolkar eller bruker samanstillingane nedanfor. Digdir jobbar med å supplere, oppdatere og kvalitetssjekke datagrunnlaget, og vil publisere meir etter kvart som det blir tilgjengeleg.
Nøkkeltal frå oversikta
Tala viser mellom anna kor mange tiltak vi har registrert, kor mange porteføljer vi har fått tilgang til og kor mange verksemder som inngår i oversikta.
Tal tiltak registrert i oversikta
Tal samarbeidstiltak registrert i oversikta
Tal porteføljer registrert i oversikta
Tal verksemder registrert i oversikta
Tiltak fordelt på sektorar
Her finn du statistikk om offentlege digitaliseringstiltak delt inn etter sektor. Du finn òg tal på samarbeidstiltak.
Tiltak fordelt på sektor
Kva viser figuren?
Oversikta vår inneheld flest digitaliseringstiltak på Kunnskapsdepartementet sitt område, med 72. Deretter følgjer kommunal sektor, med 71. Ytterligare fire departement har mange tiltak inne i oversikta: Energidepartementet med 65, Helse- og omsorgsdepartementet med 63, Finansdepartementet med 62, og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med 51. Forsvarsdepartementet og Klima- og miljødepartemenetet har færrast tiltak i oversikta, med høvesvis 6 og 4 tiltak.
Tal tiltak vi har registrert må ikkje sjåast som eit uttrykk for digitaliseringsarbeidet i sektorane. Snarare heng tala saman med kva vi motteke frå dei forskjellige departementet. I tillegg er det stor skilnad i korleis digitaliseringsarbeidet organiserast.
Samarbeidstiltak
Kva viser figuren?
Eit samarbeidstiltak er i denne samanhengen eit tiltak der meir enn ei verksemd er involvert. Det er i kommunal sektor vi finn flest slike, med 36. Deretter følgjer helse og omsorg med 31. Så er det eit hopp ned til Kunnskapsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, med høvesvis 16 og 13 samarbeidstiltak.
Samla sett er nesten kvart fjerde tiltak i oversikta vår eit samarbeidstiltak (130 av 556 tiltak, tilsvarande 23 prosent). Det er ganske stor skilnad mellom departementsområda og sektorane i kor stor del av tiltaka som er samarbeidstiltak. For kommunal sektor, til dømes, er over halvparten av tiltaka samarbeidstiltak (36 av 71 tiltak). På Helse- og omsorgsdepartementet sitt område er samarbeidstiltak nesten halvparten (31 av 63 tiltak). Høg del samarbeidstiltak finn vi òg for Justis- og beredskapsdepartementet (5 av 12 tiltak) og barne- og familiedepartementet (7 av 22 tiltak). I oversikta vår har verken Energidepartementet, Utanriksdepartementet eller Forsvarsdepartementet samarbeidstiltak.
Kjenneteikn ved offentlege tiltak
Her finn du informasjon om kva som kjenneteikner digitaliseringstiltak i offentleg sektor, inkludert korleis dei er organisert og finansiert.
Kva føremålet med tiltaka er
Kva viser figuren?
Totalt er 170 av tiltak i oversikta vår registrert med føremål. Flest tiltak har effektivifisering som føremål, med 69 førekomster. Betre samhandling finn vi 52 gonger, og samanhengande tenester til sluttbrukarar 34 gonger. Det er tre andre føremål med meir enn 20 tiltak: omlegging og forenkling av arbeidsrutiner, auka kvalitet på verksemda sine tenester, og betre støtte for avgjersler.
Korleis tiltaka er organiserte
Kva viser figuren?
Samla har vi informasjon om korleis 49 digitaliseringstiltak i offentleg sektor er organiserte. Dei to vanlegaste formene er produktorientering og prosjektorganisering, med 16 tiltak for kvar. I tillegg er eitt tiltak registrert som begge deler. Todelt utgjer desse to organisasjonsformene om lag to tredeler av tiltak vi har i oversikta. Resten deler seg på programstyring, gjennomføring i linjeorganisasjon og smidig prosjektorganisering.
Korleis tiltaka blir finansiert
Kva viser figuren?
Totalt inneheld oversikta 99 tiltak der vi har opplysningar om finansieringskjelder ut over eige budsjett i verksemdene. Eit av tre av desse tiltak har fått finansiering gjennom satsingsforslag til statsbudsjettet for 2025. Finansiering frå Digital Europa-programmet har vi òg registrert for 30 tiltak. Medfinansieringsordninga og Stimulab bidrar inn til høvesvis 11 og 9 tiltak. I tillegg er det 9 tilfelle av finansiering frå Digifin, og 7 frå prosjektskjønnmidlar.