Arbeidstilsynet: Felles arkitektur for tilsynsmyndigheitene

Ved å utarbeide eit felles samhandlingsgrunnlag og dele rapportar og data, skal ein effektivisere og samordne tilsyn frå fleire tilsynsmyndigheiter. Støtte: kr 7 008 505.

Tiltaket er ein del av samarbeidet i Tilsynsmyndighetenes samordningsgruppe (TSG), med Arbeidstilsynet som prosjekteigar. Tilsynsmyndigheitene har behov for å dele data slik at dei kan forhalda seg til kvarandre sine planlagde og utførde tilsyn, noko som skal gi betre samordning/koordinering av tilsynsaktivitet ovanfor den enkelte verksemd (tilsynsobjekt). For å kunne dra nytte av kvarandre sin kunnskap om tilsynsobjekta, har dei og behov for tilgang til tilsynsrapportane frå enkelt tilsyn. For å oppnå dette skal tiltaket utarbeide felles målarkitektur, beste praksis for både semantisk og teknisk arbeid mot den felles målarkitekturen, teknisk pilot m.m. Målet er meir effektiv tilsynsverksemd, og redusert tilsynsbelastning for verksemdene.