Hopp til hovudinnhald

ISO/IEC 10646 er ein teiknsettstandard som kan representerast ved UTF-8.

Er UTF-8 (ISO/IEC 10646) obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om UTF-8, ISO/IEC 10646

Teiknsettstandarden ISO/IEC 10646 kan representerast ved UTF-8. UTF-8 (8-bit Unicode Transformation Format) er eit Unicode-teiknsett med variabel teiknlengd.

Kvifor bruke UTF-8, ISO/IEC 10646?

Unicode er ei nummerert samling av teikn, og UTF-8 representerer desse numra med mellom ein og fire byte, og er konstruert slik at dei første 128 teikna (U+0000 til U+007F), samsvarer nøyaktig med US-ASCII-standarden. UTF-8 er dermed bakoverkompatibelt med system som støtter ASCII-tekst.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/IEC 10646:2003

Type standard: Teiknsett

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC