SSA (Statens standardavtalar)

SSA er standardavtalar for områda IT-anskaffingar, konsulenttenester og elektronisk informasjonsformidling.

Standarden inngår i følgjande bruksområde:

Er SSA obligatorisk eller tilrådd?

Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.

Kort om Statens standardavtalar (SSA)

Standardavtalane som i dag går under namnet Statens standardavtalar (SSA) vart i si tid utforma av Statskonsult, men blir i dag forvalta av Digitaliseringsdirektoratet. Føremålet med desse er å vareta kundeinteressene til leverandørane og offentlege verksemder på ein balansert måte. Vi finn slike standardavtalar på tre område:

  • IT-anskaffingar
  • konsulenttenester
  • elektronisk informasjonsformidling.

Kvifor nytte SSA?

Standardavtalane har i samanlikning med andre liknande avtalar kome godt ut, og dei er utvikla over lang tid. Senter for rettsinformatikk har delteke i tenkinga rundt utviklinga, og avtalane har vore kvalitetssikra gjennom ei rekkje høyringsrundar. Avtalane har vorte tekne i bruk i stor skala i offentleg sektor, med gode resultat.

Avtalane dekkjer eit breitt område. Strukturen i avtalane er einsarta, slik at brukarane lett vil kjenne seg att.

Fakta om standarden

Versjonsnummer:     SSA versjon 2015

Type standard:          Organisatorisk

Språk:                          Norsk

Organisasjon:            Digitaliseringsdirektoratet