PDF

PDF omfattar dokument som ikkje er meint for vidare redigering, og når det er viktig å behalde formatering i dokumentet. Det er fleire versjonar som kan brukast. PDF A-1 er eit dokumentformat meint for arkivering. Ved annan bruk er det redusert tilgjenge.

Standarden gjeld for følgjande bruksområde:

Er PDF obligatorisk eller tilrådd?

Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.

Kort om ulike versjonar av PDF

PDF 1.7 er ein open og ISO-standardisert versjon av PDF. PDF kan blant anna nyttast til publisering av dokument (tekstdokument, rekneark, presentasjonar) som berre skal lesast (og ikkje redigerast). Formatet gjer det mogleg å vise eit dokument på ein eintydig måte uavhengig av kva operativsystem eller maskinvare brukaren nyttar.

Portable Document Format 1.6, 1.5 og 1.4 (PDF 1.6, PDF 1.5 og PDF 1.4) er eit opphavsrettsleg, men royaltyfritt format, som er støtta og svært utbreidd. PDF kan blant anna nyttast til publisering av dokument (tekstdokument, rekneark, presentasjonar) som berre skal lesast (og ikkje redigerast). Formatet gjer det mogleg å vise eit dokument på ein eintydig måte, uavhengig av kva operativsystem eller maskinvare brukaren nyttar.

PDF A-1 er ei restriktiv form av Adobe PDF versjon 1.4. PDF A-1 er laga for å kunne oppbevarast over lang tid. ISO-standarden ISO 19005-1:2005 vart laga av ei arbeidsgruppe med representantar frå styresmakter, industri og akademia med aktiv deltaking frå Adobe Systems Incorporated.

PDF/A er laga for å maksimere tilhøve som:

  • Ikkje vere avhengig av utstyr
  • Vera komplett og sikre at det kan lesast i framtida
  • Standarden skal vere sjølvforklarande.

Restriksjonane inkluderer moment som:

  • Audio og videoinnhald er forbode
  • Javascript og eksekverbare filer er forbodne
  • Alle fontar må vera inkluderte og må vera i samsvar med uavgrensa universalattgjeving.

Kva versjon?

Referansekatalogen har ikkje oppgjeve ein føretrekt versjon av PDF. Men det er viktig å vere merksam på at publisering av dokument på nyare versjonar av PDF, kan føre til at ein lesar med støtte for ein eldre versjon ikkje kan lese heile dokumentet. På grunn av den restriktive forma bør PDF A-1 primært brukast til arkivering, sjå bruksområdet Arkivstandardar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer:     PDF versions 1.4,1.5,1.6, 1.7 og A-1

Type standard:          Dokumentformat

Språk:                          Engelsk

Organisasjon:            ISO/IEC