Hopp til hovudinnhald

OOXML (Office Open XML) er eit ope format for ulike elektroniske dokument. Microsoft Office-dokument i nyare versjonar har dette formatet innebygd (.docx, .xlsx, og .pptx).

Standarden gjeld for følgande bruksområde:

    Obligatorisk eller anbefalt?

    Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

    Kort om OOXML

    OOXML er utvikla av Microsoft og er basert på XML. Formatet vart godkjend som standard av Ecma (ECMA-376), og av ISO og IEC (ISO/IEC 29500) i nyare tid.

    Frå Microsoft Office 2007, vert dokumenta i Microsoft Office lagra i OOXML (som docx.) når du lagrar utan å endre filformat. Men Office 2007 er ikkje fullt kompatibelt med ISO/IEC 29500:2008. Office 2010 støttar ISO/IEC 29500:2008, men lagrar ikkje dokumenta etter strict, men transitional i ISO/IEC standarden.

    Det er ikkje berre Microsoft Office som kan lese og skrive Office Open XML formatet, fleire tekstbehandlingsverktøy kan både skrive og lese OOXML.

    Fakta om standarden

    Versjonsnummer:

    Type standard: Dokumentformat

    Språk: Engelsk

    Organisasjon: Microsoft, ECMA og ISO/IEC