Hopp til hovudinnhald

DCAT-AP-NO er basert på den europeiske DCAT-profilen som er forvalta av EU-kommisjonen sitt ISA-program. Standarden legg til rette for internasjonal utveksling ved å sikre at beskrivingar av offentlege data vert utført på ein felles, strukturert måte og i ei maskinlesbar form.

Standarden gjeld for følgjande bruksområde:

Er DCAT-AP-NO obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om standarden

Standard for beskriving av datasett og datakatalogar (DCAT-AP-NO) stiller krav til kva som skal, bør og kan vere med i beskrivingane, med spesifikasjon av dataformat. Føremålet med standarden er å leggje til rette for utveksling av beskrivingar av datasett, og å lette søk etter datasett.