Beskriving av datasett og datakatalogar

Bruksområdet gjeld opne og avgrensa data. Med avgrensa data er meint data som berre skal delast med ei avgrensa brukargruppe med heimel til å bruke informasjonen. Bruksområdet handlar om korleis ein skal beskrive og utforme datasett og datakatalogar.

Anbefalt standard

Digitaliseringsdirektoratet anbefaler at offentlege verksemder ved beskriving og utforming av datasett og datakatalogar gjer det som spesifisert i

  • DCAT-AP-NO-1.1

Standarden skal nyttast når datakatalogar og datasett skal gjerast ope tilgjengeleg, eller for avgrensa brukargrupper på offentlege nettsider.

Heimel

Anbefalinga er gjeldande. Den vart innført 15.11.2016.

Rettleiar

Rettleiar for beskriving av datasett

Aktuelle standarder