Tyskland har akkurat annonsert at dei lanserer D-you, den tyske digitale lommeboka 2. januar 2027. Kvifor er dette ei offentleg oppgåve? Staten syr ikkje lommeboka di. Han garvar ikkje skinnet den er laga av, set ikkje inn knappar og pussar ikkje kantane. Å lage og selje fysiske lommebøker og korthaldarar overlèt vi til marknaden. Så kvifor skal det vere annleis når lommeboka blir digital?
Spørsmålet er ikkje retorisk. Det fortener eit ordentleg svar, for det er nettopp her mykje av skepsisen mot digitale ID-løysingar frå det offentlege stammar frå. Har ikkje staten nok å gjere utan å konkurrere med appane i telefonen din?
Svaret er at den fysiske lommeboka ikkje er eit statleg ansvar, men det viktigaste innhaldet har alltid vore det. Førarkortet ditt har Statens vegvesen laga. Passet ditt er utferda av Politiet. Pengane kjem frå Noregs Bank. Når vi no flyttar identitetsbevisa våre over i ei digital form, er det ikkje lommeboka i seg sjølv som er den vanskelege delen. Det er å byggje tilliten til at det som ligg i henne, faktisk stemmer, og at ingen andre kan lese henne, endre henne eller stele henne utan at du veit det.
Den tilliten kan ikkje kva som helst app skape åleine. Det treng eit økosystem av tillitstenester, register og sertifiserte løysingar som alle kan stole på. Eit økosystem der du kan stole på at alle er dei som dei utgjer seg for å vere, og der du sjølv sit i førarsetet og bestemmer over din eigen informasjon. Byggjer vi det, opnar det seg moglegheiter vi så vidt har byrja å utforske og sjå rekkjevidda av.
Dine personlege data fortel historia om livet ditt, og difor bør du også kontrollere dei
Tryggleik og personvern kjem først
Digitale lommebøker er ikkje ein teknologisk leikeplass. Det er infrastruktur. Teknologien skal tole at nokon prøver å angripe lommeboka, og den skal fortene tilliten til millionar av menneske som brukar ho.
Difor er personvern hjartet i økosystemet. Dine personlege data fortel historia om livet ditt, og difor bør du også kontrollere dei. Den digitale lommeboka blir bygd etter eit prinsipp som blir kalla selektiv deling. Du skal ikkje vise meir data enn du treng. For eksempel treng du berre å bevise at du er over 18 år for å handle øl. At du har førarrett for å køyre bil eller at du er tilsett ein plass utan å vise løna di.
Du bestemmer over eigne opplysningar, du skal til ei kvar tid kunne vite kven som spør om kva, og seie nei til å dele om du ikkje vil. Det gjer det lettare å hindre at dine data kjem på avvege og det er eit stort steg i retning eit sterkare personvern.
Dette er ein heilt anna arkitektur enn måten vi loggar inn på digitale tenester i dag. Vi går frå transaksjonsbaserte til økosystembaserte tenester. I dag deler du ofte meir informasjon enn mottakaren treng å vite, og tilliten i systemet kviler på nokre få kommersielle aktørar. I framtida sit du i førarsetet via din eigen telefon og styrer kven som får vite kva om deg. Du kan vere trygg på at det faktisk er banken som ber deg om å dele inntektsopplysningar når du søkjer lån, at du ikkje deler meir enn at du er over atten til dørvakta på utestaden du vil inn på.
Digitale lommebøker er ikkje ein teknologisk leikeplass. Det er infrastruktur.
Fordelane med ei europeisk lommebok
Det som gjer digitale lommebøker endå meir interessant, er at ho ikkje blir bygd av Noreg eller staten åleine. Gjennom eIDAS-forordninga innfører heile EU/EØS-området eit felles rammeverk for digitale lommebøker og framtidas digitale identitet. Slik vil ei lommebok utferda i Noreg kunne brukast til å prove identitet, alder eller kvalifikasjonar i eit kva som helst anna EU/EØS-land, og omvendt.
Tenk deg at du er på jobbreise i Berlin kan sjekke inn på hotell utan å vise passet fysisk. Eller at ein student som har teke eit semester i Nederland kan stadfeste vitnemålet digitalt og på sekundet. For kommunen som skal tilsetje ein sjukepleiar frå Danmark kan kvalifikasjonane sjekkast utan veker med papirutveksling. Fordi løysinga er felles og europeisk, slepp vi eit lappeteppe av nasjonale løysingar som ikkje samhandlar. Vi kan byggje digitale tenester som ikkje stoggar på landegrensa for både innbyggjarar og næringsliv.
Lommeboka opnar for ei rekke bruksområde, som for eksempel alderskontroll i butikk. Forteljarstemma i denne videoen er syntetisk/KI-generert. Video: Digdir
Tillitstenester opnar for store gevinstar
Ingen digital lommebok blir teken i bruk av seg sjølv. Ho må fortene tilliten kvar dag, gjennom openheit om korleis ho er bygd, og gjennom eit regelverk som set grenser for kva ho kan brukast til.
I slutten av 2026 og på nyåret kjem Tyskland og nasjonalstatane i heile Europa til å rulle ut dei første versjonane av digitale lommebøker til innbyggjarar. Lommebøker til verksemder kjem like bak. Verdien av gjenbruk av offentleg eID i andre delar av samfunnet er enorm. Gjer vi dette rett vil det føre til betre tenester, sterkare personvern og lågare samfunnskostnadar.
Nettopp difor treng vi at det offentlege tek ansvar og banar veg for innføringa av eIDAS og digitale lommebøker. For å legge til rette for at vi brukar krafta som oppstår når den offentlege digitale identiteten møter skaparkrafta og innovasjonen frå privat sektor.
Eit viktig grep er samarbeidet mellom Brønnøysundregistra og Digitaliseringsdirektoratet om sandkasse for digital lommebok. Her samhandlar eit femtitals aktørar frå både offentleg og privat sektor, frå både inn- og utland om å prøve ut teknologi, finne gode brukstilfelle og løyse ut samfunnsgevinstar. Likeins samhandlar elleve norske aktørar med over to hundre verksemder frå heile verda gjennom storskalapiloten WeBuild for å sikre gode løysingar for næringslivet.
Ein god kollega av oss påstår at på eID-området er det problem nok til alle. Det same gjeld for moglegheiter. Difor innførar vi og tek digitale lommebøker i bruk i saman. Sjølv om det offentlege har ansvaret for å innføre lovverket, har vi alt å tene på å løyse digitale lommebøker i lag.
Jon Håkon Odd
Odd er seksjonssjef strategi og forretningsutvikling i Digdir. Han har jobbet med digitale fellesløsninger i en årrekke, blant annet Norge.no, Offentlig elektronisk postjournal og eInnsyn gjennom ulike stillinger i Difi (Direktoratet for forvalting og ikt). I en fireårsperiode var han også ordfører i Leikanger. Odd er utdannet ved Universitetet i Bergen.