Kan lovspråk temmast? Ei undersøking om klart språk i lover og forskrifter
På oppdrag frå delprosjektet «Klart lovspråk» har Difi søkt å setje lys på kvifor lover og forskrifter ikkje er skrivne i klart språk. Mellom anna har vi undersøkt om forhold som kultur og tradisjon, og tid og kompetanse kan vere medverkande årsaker. Vi har undersøkt korleis dei som utviklar lover og forskrifter (leiarar og saksbehandlarar i departement og direktorat), oppfattar den språklege kvaliteten i dei tekstane dei arbeider med.