150 millionar i medfinansiering til åtte prosjekt
Åtte ulike digitaliseringsprosjekt får no til saman 150 millionar kroner frå Medfinansieringsordninga. Når prosjekta som får støtte er realiserte, vil helsevesenet ha fått enklare digital oversikt over kva legemiddel pasientar brukar, det vil være enklare å opprette aksjeselskap, og det vil bli mogleg å foreta oppgjer etter dødsfall digitalt – mellom anna.