Hopp til hovudinnhald

Leiinga

Oversikt over leiargruppa i Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Frode Danielsen

Fungerande direktør

frode.danielsen@digdir.no
Mobil: 91 15 60 63

Frode Danielsen har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, der han mellom anna har hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er jurist frå Universitetet i Bergen.

Gjertrud Eliassen portrett 2022

Gjertrud Eliassen

Fungerandre avdelingsdirektør verksemdsstyring

gjertrud.eliassen@digdir.no
Mobil: 93 68 26 11

Gjertrud Eliassen har vært økonomiansvarleg i direktoratet frå 2019. Ho har lang erfaring frå Riksrevisjonen, og ho har vært prosjektleiar i Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon. Eliassen er utdanna innan revisjon, ikt og prosjektleiing, og har ein master i styring og leiing.

Portrettbilde Sissel Sare

Sissel Sare

Avdelingsdirektør HR

sissel.sare@digdir.no
Mobil: 90 66 67 33

Sissel Sare har lang erfaring som leiar og HR-direktør frå offentleg og privat sektor. Ho har jobba i Skatteetaten, og som HR- og kommunikasjonsdirektør i Oslo kommune. Sare har også fleire år i finans- og IT-bransjen, i Bluegarden og Gjensidige. Sare har utdanning i psykologi, organisasjon og leiing frå universitetet i Oslo og BI.

Birgitte Yttri portrett 2022

Birgitte Yttri

Fungerande avdelingsdirektør samanhengande tenester og livshendingar

birgitte.yttri@digdir.no
Mobil: 95 20 08 92

Yttri har leia arbeidet med innovasjon og brukarretting i Digitaliseringsdirektoratet sidan 2018. Ho har erfaring innan tverrgåande tenesteutvikling i privat og offentleg sektor, og er brennande engasjert i utviklinga av samanhengande, digitale tenester som vil gje oss ein enklare kvardag. Yttri er organisasjonssosiolog frå UIO med fordypning i intraorganisatorisk samarbeid, og har ein master i endringsleiing frå BI.

Kjetil Korslien portrett 2022

Kjetil Korslien

Fungerande avdelingsdirektør digital strategi og samhandling

kjetil.korslien@digdir.no
Mobil: 97 97 45 79

Kjetil Korslien har erfaring som stabsjurist i Oslo kommune, og erfaring frå arbeid med og undervisning i fagområda personvern og informasjonssikkerheit. Han er til dagleg leiar for Statens kompetansemiljø for informasjonssikkerheit. Korslien har master i rettsvitskap frå UiO og utdanning i leiing frå BI.

Nina Munthe Olsen portrett 2022

Nina Munthe Olsen

Fungerande avdelingsdirektør fellesløysingar

ninamunthe.olsen@digdir.no
Mobil: 41 21 70 46

Nina er jurist utdanna på UiO og har bakgrunn frå Skattetaten, der ho var avdelingsdirektør for Skattetatens rettleiingsteneste i Vest frå 2007-2016. Ho har leia seksjon for marknad- og tenesteoppfølging i avdeling for fellesløysingar i Digdir sidan 2016 og brenn for bruken av fellesløysingane for å forenkle, forbetre og effektivisere offentleg sektor og gjere det enklare for innbyggarane.

Portrettbilde Andreas Gjertin Rafaelsen

Andreas G. Rafaelsen

Avdelingsdirektør brukaroppleving og datadeling

andreas.gjertin.rafaelsen@digdir.no
Mobil: 95 82 13 69

Andreas G. Rafaelsen har jobba med utvikling av Altinn sidan 2010 og har hatt roller som arkitekt, løysingsansvarleg, og seinast leiar for utviklingsseksjonen sidan 2018. Han har også fleire års erfaring frå Kongsberg Spacetec, som prosjektleiar og utviklar. Rafaelsen er utdanna sivilingeniør i informatikk frå universitetet i Tromsø.

Tilsynsleiar Malin Rygg

Malin Rygg

Avdelingsdirektør Tilsynet for universell utforming av ikt

malin.rygg@digdir.no
Mobil: 97 19 73 17

Malin Rygg har leia tilsynet for universell utforming av ikt sidan 2013. Tilsynet har ansvar for å følgje opp forskrift om universell utforming av ikt-løysingar, knytt til likestillings- og diskrimineringslova. Rygg er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Kommunikasjonsdirektør Onar Aanestad

Onar Aanestad

Kommunikasjonsdirektør

onar.aanestad@digdir.no
Mobil: 92 42 66 31

Onar Aanestad har tidlegare hatt same stillinga i Difi og SPK. Han har bakgrunn som konsulent frå Gazette og Styrkr, og han har arbeid for Norges handikapforbund i Midtausten. Aanestad er statsvitar.