Hopp til hovudinnhald

DigiHelgeland sommarcamp

Er du student og vil ha eit forsprang i karriera di? Samtundes som du bruker sommaren på ein av landets råaste reisedestinasjonar? Då inviterer vi deg til å søkje på DigiHelgeland – sommarcamp.

Tett samarbeid mellom Digdir, Digitale Helgeland og Brønnøysundregistrene

Sommarjobb med spanande utfordringer

Vi treng deg som har eit godt blikk og som kan hjelpe oss til å løyse store og små digitaliseringsutfordringar. Difor søkjer vi studentar innen jus, design, informasjonsforvalting og IT (systemutviklarar) som er klare til å ta dei første karrierestega innan digitalisering av offentleg sektor.

På sommarcampen får du prøve deg på verkelege problemstillingar som møter innbyggarar og næringsliv, og finne nye måtar å løyse desse på. Her jobbar du i tverrfaglege team med andre studentar, og med støtte frå våre eigne erfarne tilsette. Vi gir deg ein unik sjanse til å få relevant arbeidserfaring, bygge nettverk - og sist men ikkje minst - ein sommar du aldri kjem til å gløyme!

Kva er DigiHelgeland – sommarcamp?

Digitale Helgeland, Brønnøysundregistera og Digitaliseringsdirektoratet jobbar mot eit felles mål – å digitalisere Noreg. I samarbeidet om denne sommarcampen ønskjer vi å vise kva Helgeland har å by på, både som ein fantastisk plass å bu på, og som ein stad der du kan bryne deg på nokon av dei største digitale utfordringane landet står ovafor.

Podkast om DigiHelgeland sommarcamp

Kontakt

Andreas Gjertin Rafaelsen

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 95821369

Jan Erik Nerdal

Seksjonsleiar, Brønnøysundregistera
Telefon: +47 45 02 89 30