Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 16. september, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «SSB Dataportal – formidling av data i KI-alderen»
SSB står midt i ei modernisering av korleis vi forvaltar og formidlar nasjonen sine felles dataressursar.
Få eit innblikk i arbeidet med SSB Dataportal, og korleis vi legg til rette for saumlaus integrasjon, standardiserte metadata og effektiv datadeling i ei tid der kunstig intelligens endrar måten vi nyttar innsikt på.
Presentert av Øyvind Bruer-Skarsbø, Seniorrådgjevar i Seksjon for Dataplattform hos SSB og produkteigar av Dapla.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
16.09.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen