Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «KF Oppgåvekodar, eit felles språk for kommunale oppgåvar»
Korleis kan offentleg sektor skildre oppgåver på ein einskapleg og maskinlesbar måte?
I innlegget vis KF korleis oppgåvekodar kan inngå i det semantiske laget mellom rettskjelder, tenester, prosessar, dokumentasjon og KI.
Vi ser òg på potensialet for bruk på tvers av fagsystem og korleis tydeleg meining og kontekst i data kan styrkje samhandling, gjenbruk og KI-løysingar.
- Kort om behovet for felles kontrollerte vokabular (Digdir)
- Kva KF sine oppgåvekodar blir brukte til i dag
- Om potensialet og moglegheitene for utvida bruk av KF sitt kodeverk
- Kommentarar og diskusjon
Øystein Åsnes frå Digdir gir ei kort innleiing før Stephanie Løvenskiold og Haakon Meland Eriksen frå KF presenterer vidare
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 09.09.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen