Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Systematisk prioritering av offentlege data: Dataprioriteringsrådet sitt oppdrag og arbeid (så langt)»
Dataprioriteringsrådet skal gje regjeringa eit kunnskapsgrunnlag for datadeling. Rådet kartlegg kva data næringslivet og sivilsamfunnet faktisk etterspør, vurderer kva offentlege data som gjev størst samfunnsverdi, og skal gje tydelege råd om kva datasett som bør prioriterast for deling for å styrkje innovasjon, effektivisering og demokratisk deltaking. Korleis jobbar vi, og kva har vi kome fram til?
Presentert av Kristin Lyng, Norsk helsenett og rådsmedlem i Dataprioriteringsrådet
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 25.03.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen
Vel møtt!