Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I dette møte har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Felles løft: Samanhengande tenester for barn og unge - første pilot»
Prosjektet er i gang med første pilot og ønskjer å dela erfaringar frå arbeidet så langt. Piloten ser på overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande.
Presentert av Inge Strømmen frå Bergen kommune, Pål Asle Reiersgaard frå KS Digital og Kjersti Stenerud Steien frå Digdir
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
11.03.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen