Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 11. februar kl. 09:00 – 10:00, 2026
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Slik jobbar NRK med datadriven prosjekt-, program- og porteføljestyring»
NRK står i store flytteprosessar, og skal dei neste fem åra gjennom ei felles moderniseringsreise og eit stort teknologiløft. For å lukkast med arbeidet har vi utvikla ei ny løysing for prosjekt, program og porteføljestyring. Verktøyet er tett integrert med vårt datavarehus og er utvikla saman med verksemda sine ulike fagmiljø.
Presentert av Lars-Martin Kristiansen, teknologirådgjevar i NRK


Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 11.02.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09