Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «The Right to Explanation: Legal Challenges and the Future of Fairness in Automated Decision-Making»
Dette føredraget tek opp den nye «retten til forklaring» i EUs reglar for kunstig intelligens – og kva dette betyr for offentlege myndigheiter som utviklar eller brukar slike system.
Vi ser stadig oftare at dataprogram og algoritmar bidreg i beslutningar, til dømes i saksbehandling. Slike system kan vere vanskelege å forstå: Dei kan vere lite gjennomsiktige, bygge på korrelasjonar i staden for årsakssamanhengar, og i verste fall forsterke skeivheiter. Difor er ikkje dei tradisjonelle krava til innsyn og grunngjeving alltid nok i ein forvaltningskontekst der KI er involvert.
Føredraget forklarer korleis EU, gjennom artikkel 86 i KI-forordninga, prøver å møte desse utfordringane. Bestemmelsen innfører nye krav til forklaringar når offentlege myndigheiter bruker KI i beslutningar som påverkar enkeltpersonar.
Samtidig peikar føredraget på at dette ikkje er heilt enkelt: Korleis skal krava handhevast? Kven har ansvaret? Korleis passar dette saman med dei reglane vi alt har om forvaltning og personvern?
I føredraget argumenterer ein for at retten til forklaring berre vil fungere i praksis dersom ho blir omsett til konkrete og forståelege forklaringar som faktisk hjelper folk å skjøne korleis KI har påverka sakene deira – og som sikrar at offentleg sektor brukar KI på ein lovleg, tillitsvekkjande og rettferdig måte.
Alex Moltzau frå Digdir gir ein kort introduksjon før han overlèt ordet til foredragshaldarane Davide Baldini, h.D. candidate at the Florence University (Florence, Italy) and Maastricht University og Jacopo Dirutigliano, PhD in Law, Science and Technology
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 04.02.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen
Vel møtt!