Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 28. januar kl. 09:00 – 10:00, 2026
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Kan KI gi omgåande forretningsverdi»
I Hafslund har vi starta arbeidet med å strukturere og samle data slik at heile konsernet kan få felles og enkel tilgang. Dette er avgjerande for å kunne ta i bruk KI i stor skala. Samstundes er arbeidet omfattande og vil ta tid å fullføre. I avdelinga for fysisk handel ser vi difor etter område der KI kan gi umiddelbar forretningsverdi – knytt til konkrete problemstillingar og utvalde datasett. I denne presentasjonen vil eg gå gjennom kva vi jobbar med på datafronten, og vise konkrete døme på korleis vi allereie har skapt verdi gjennom bruk av KI-modellar.

Presentert av Vegard Vinje, som sidan 2025 har jobba som fagansvarleg for Modeller og Algoritmer, avd. for fysisk handel i Hafslund AS. Vegard har doktorgrad i anvendt matematikk frå UiO, er professor 2 på BI, og underviser i Data Science, Maskinlæring og KI.


Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 28.01.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09