Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Erfaringar og utfordringar med innføring av nye digitale tenester i plan og byggjesak»
Direktoratet for byggkvalitet gjev oss eit innsyn i korleis dei arbeider for å få til bruk av dei tenestene dei utviklar, samarbeidet med sektormyndigheitene og litt om metoden for å få til bruk av Drømmeplan/Planslurpen
Presentert av Olaug Hana Nesheim, Fagdirektør digitalisering, Direktoratet for byggkvalitet
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 21.01.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen
Vel møtt!