Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I dette møte har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Datadeling, konfidensialitet og datakvalitet – erfaringar frå industrien»
Datadeling på tvers av organisasjonar og sektorar blir stadig viktigare, og kvaliteten på dataa vi deler er avgjerande. Utan tilgjengelege, pålitelege, konsistente og korrekte data risikerer vi feil avgjerder, ineffektiv ressursbruk og svekt tillit mellom aktørar. DNV viser korleis dei jobbar med dette i industrien.
Presentert av Karl John Pedersen, Head of Digital Trust og Jens Nordahl, Growth and Business Development Manager. Begge frå DNV.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 12.11.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!