Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Datastyring i praksis - læring, modning og litt prøving og feiling»
Korleis ser datatstyring ut i praksis når ein står midt i endring og skyreise? Mari Dalhaug deler nokre erfaringar frå Finanstilsynets arbeid med å bli datadriven.
Erfaringar og dei små (og større) justeringane ein gjer undervegs.
Presentert av Mari Dalhaug, leiar for seksjon Data og rapportering i Finanstilsynet
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 29.10.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!