Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Datadeling med EUs digitale identitetslommebok»
I dette innlegget gjev me ein kort introduksjon til EUs kommande digitale lommebokøkosystem, og me forklarar korleis lommeboka er ein ny måte og dele data på. Me vil fortelje om den nasjonale sandkassen for lommebøker som vert lansert i haust, og korleis du kan bli med og teste ut lommebokteknologien for å laga betre digitale tenester.
Presentert av Jørgen Binningsbø, sjefsarkitekt for nasjonale fellesløysingar, Digdir
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 15.10.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!