Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 3. september kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «AI-driven kunnskapsforvaltning i Sarpsborg kommune»
«Sarpsborg Kommune har gjennomført eit vellukka pilotprosjekt med Salesforce Agentforce for å gi tilsette raskare tilgang til intern kunnskap. Ved å la AI-agentar hente informasjon direkte frå våre knowledge-artikler oppnår vi opptil 60% raskare svartider. Vi deler erfaringar og utfordringar frå testfasen til målbare resultat i produksjon.

Presentert av Thomas Seppola Berglund Schie og Atle Johnsen frå Sarpsborg kommune

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 03.09.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09