Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Orden i eige hus – rom for rom: Ei alternativ tilnærming?»
«Kartleggja» er eit av dei sju trinna i Digdirs rettleiar for Orden i eige hus og handlar om å «kartleggje dataa og dokumentere dei i ei oversikt». I arbeidet med Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF) har vi brukt betydelege ressursar på å støtte verksemdene under Kunnskapsdepartementet (KD) i dette arbeidet – mellom anna igjennom modnadsanalysar, faglege nettverk og tilrådingar knytte til organisering.
Erfaringa vår er at mange verksemder opplever det som krevjande å kome i gang med den data-sentriske tilnærminga rettleiaren legg opp til. Dette har fått oss til å utforske alternative måtar å tilnærma oss oppgåva på. Kva om vi heller begynner med det vi kjenner best – organisasjonen vår? Ved å ta utgangspunkt i organisasjonskartet, og følgje det frå – topp til botn – kan vi engasjere menneske der tenestene faktisk blir utførte, og mobilisere dei som kjenne både oppgåvene og dataa best.
Vi har også utforska korleis eit digitalt verktøy kan støtte denne tilnærminga – og bidra til ein meir tilgjengeleg og meningsfull kartlegging av informasjon og data.
I dette innlegget vil vi dele tankane våre og vise fram nokre konsept for eit slikt verktøy – og invitere til diskusjon: Kan dette vere ein meir effektiv veg til «orden i eige hus»?
Kan eit organisasjonsforankra kartleggingsverktøy vere noko vi bør realisere i fellesskap? Vi håper vi kan få ein diskusjon rundt om dette, og om det kan vere interesse for eit samarbeid om eit slikt verktøy?
Presentert av Per Hovde, fagansvarlig Kunnskapssektorens datafellesskap - KUDAF
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 28.05.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!