Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 21. mai kl. 09:00 – 11:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Frå visjon til røyndom – Korleis offentleg sektor kan utnytte eigne data betre»
Juridiske og organisatoriske hindre gjer at offentlege styresmakter ikkje får brukt eigne data effektivt. Det forseinkar viktige tiltak og effektivisering. I ein ny rapport (skrive av Margunn Aanestad ved UiO og Annette Alstadsæter og Hector Ulloa ved NMBU) som har fått betydeleg merksemd og som byggjer på innspel frå ei rekkje offentlege etatar beskriv vi hindringar for datadeling, misforstått restriktiv haldning til GDPR, og forslag til løysingar.
Presentert av professor Annette Alstadsæter, leiar av Skatteforsk – Centre for Tax Research ved NMBU

Lenkjer til rapportar og medieoppslag:
https://www.nmbu.no/en/research/skatteforsk-tax-center/note-6-hvordan-offentlig-sektor-kan-utnytte-egne-data-bedre
https://www.dn.no/kriminalitet/slakter-statens-bruk-av-egne-data-gavepakke-til-okonomisk-kriminalitet/2-1-1795996
https://www.dn.no/samfunn/personvern/jus/okonomisk-kriminalitet/her-er-fire-tiltak-for-effektivisering-av-offentlig-sektor/2-1-1796051

10:00 – 11:00 Tre presentasjonar frå Bachelorprosjekt

«Korleis kan offentlege data leggjast til rette for å fremja innovasjon blant SMB-er og startups i Noreg?

Offentlege aktørar samlar inn og har stadig større mengder data. Spesielt i Noreg, der vi har ein stor offentleg sektor, kan det liggja store verdiar ved bruk og gjenbruk av desse. Når dataa blir delte med private aktørar, kan dette danna grunnlag for nye idear og forretningsmoglegheiter. Studien vår ser på korleis samspelet mellom dei interne føresetnadene hos SMB-er og startups og dei eksterne omgivnadene forvalta av offentlege aktørar kan bidra med å fremja innovasjon ved bruk av offentlege data
Presentert av Martin Nguyen og Erik Soltveit Stange

«Måling av verdiskaping av datadeling på nasjonal datakatalog

Formålet med studien er å undersøkja økosystemet til det opne dataet for å finna og evaluera kva målepunkt som best representerer ein nasjonal datakatalog sin innverknad på verdiskaping, med fokus på data.norge.no. Dette vil gje ei betre forståing av korleis datadeling kan bidra til å skapa verdi. Innsikta i om den nasjonale datakatalogen når måla om verdiskaping, kan dermed bidra til informerte og strategiske avgjerder for vidareutvikling av plattforma
Presentert av Alexandra Jacobsen og Christofer Woxholt

«Barrierar for deling av data til open datakatalog i offentleg sektor»

Presentasjonen består av framlegg av resultat og konklusjon for barrierar knytte til datadeling til data.norge.no. Resultata kjem frå undersøkingar våren 2025 og har inngått som ein del av bachelorprosjekt ved NTNU Trondheim
Presentert av Tage Ullestad, Thomas Ølmheim og Petter Åslie

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 21.05.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Presentasjon:

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09