Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «Felles tenesteplattform i kommunal sektor»
No er vi i gang med etablering av felles tenesteplattform! I denne sesjonen får du vite meir om kva komponentar som inngår i tenesteplattforma slik at kommunal sektor kan realisere "Designe nasjonalt - utvikle saman" på ein effektiv måte. Vi går igjennom bakgrunnen for satsnina og vegen fram til dit vi er i dag. Du får også høyre kva behov og forventningar som er knytte til akselerasjon av digital tenesteutvikling og deling og gjenbruk. Plattforma, som skal bestå av fleire ulike komponentar frå KS Digital, offentleg sektor og leverandørar, vil gi nye moglegheiter for deling og samarbeid.
Presentert av Tristan Rolstad, fagsjef digitalisering KS, Mina Gaupseth og Christian Holthe, forretningsutviklere, KS Digital
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 14.05.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!