Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «Ansvarleg digitalisering på tvers av faglege og institusjonelle grenser»
Kva er digitalt grensearbeid, og kva utfordringar (faglege, teknologiske, demokratiske) oppstår i arbeidet med å digitalisere offentleg sektor?
Presentert av Kjetil Rommetveit, professor Senter for vitskapsteori, UiB
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 23.04.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!